Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Barnelitteraturprisen til Markhus

 (08.04.2011)

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris for 2010 er Vegard Markhus for boka Timothy mister seg sjølv!

Vergard Mrkhus (Foto: Eirki Wixøe Svela)


Det er Noregs Mållag som står bak prisen. Den vart fyrste gong delt ut i 1968. Prisen er på 30 000 kroner og diplom. Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har vore: Anne Marit Godal, Eva Westvik og Ketil Kolstad.

Grunngjevinga
"Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har i år oppdaga ei perle av ei biletbok. Det er forfattaren si andre bok, og han har laga eit surrealistisk univers som er stringent logisk og burlesk på same tida.

Vinnarboka er morosam og overraskande, og både jurymedlemene og ungane våre lo høgt da vi las henne. Vi skrattlo over tissen som ramla under kommoden og øyra som til slutt fekk plass der armane skal vere.

Forfattaren har ein enkel, men effektiv måte å fortelje på. Han har illustrert historia si sjølv, og nyttar seg av collageteknikk der enkle strekteikningar gjev eit naivistisk uttrykk. Forfattaren tek opp filosofiske spørsmål på ein lettfatteleg måte. Moralen er underfundig og skaper rom for mange tolkingar.

Nynorsk barnelitteraturpris 2010 går til ein forfattar og illustratør som fortener å bli oppdaga. Boka som vinnaren har skrivi har potensial til å bli ein biletbokklassikar, og bør bli godt motteken av ungar og foreldre uavhengig av kva skriftspråk dei bruker i heimen."


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no