Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend på 50 000 kroner til Mariell Øyre

 (15.04.2011)

Noregs Mållag har med støtte frå Kulturdepartementet tildelt nynorskstipend på 50 000 kroner til Mariell Øyre.

Utdelinga av stipendet var på landsmøtet i Noregs Mållag. Der hadde ikkje Mariell Øyre høve til å vere sidan ho er i Paris for å arbeide med det nye magasinprosjekt. Denne pristalen held Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag:

Stipendvinnaren har lenge fått mykje merksemd for bloggen sin Hjartesmil. Han er populær og stadig å finne på Blogglisten, oversynet over dei mest lesne bloggane i landet. Det er bra at ho skriv på nynorsk. Det er bra med alle som skriv nynorsk.

Det viktigaste er likevel kvar ho skriv. Mange bloggar, og dei har blogga lenge. Dei fyrste bloggane kom for ti-femten år sidan, som ei slags enklare nettside. Det er likevel fyrst i dei siste tre-fire åra bloggen har funne sin plass. I spissen for dette oppsvinget står dei personlege bloggane, dei som fortel om kvardagen til forfattaren, til bloggaren. Dette skaper ein intimitet, ein nærleik, som gjer at ein les blogginnlegga på ein heilt annan måte enn andre nettsider.

Bloggarar opnar seg og gjer seg skyteskive for folk. Men som denne bloggaren har som standard i kommentarfeltet sitt: ”Gjer mot andre, det du vil dei skal gjere mot deg”. Og Mariell vil at me skal elska. Ho elskar nemleg sjølv. Ho elskar kjærasten, ho elskar fotografering, ho elskar Paris og ho elskar kjolar.

Denne nærleiken gjer at lesarane hennar føler at dei kjenner henne, at dei og Mariell speler på same lag. Såleis møter dei nynorsk nærare seg sjølve. Nynorsk er ikkje lenger eit vanskeleg fag på skulen, det er noko ein kosar seg med. Difor er det titt og ofte at ein kan lese nesten trusvedkjenningar i kommentarfeltet hennar:

«Før hatet jeg nynorsk. Etter at jeg begynte å lese bloggen din, hater jeg ikke lenger nynorsk. Skulle ønske jeg kunne skrive nynorsk uten store feil. Måtte bare si det, tusen takk.

Hjartemagasinet er er eit magasin basert på bloggen Hjartesmil. Sjølv om nynorsk ikkje er noko nytt i tidskrift, er det ekstremt viktig at unge lesarar føler at dette er eit nært språk, eit personleg språk, eit intimt språk.

Magasinet er det fyrste og einaste magasinet i sitt slag. Det presenterer mellom anna stoff og bilete frå eit knippe av dei mest lesne bloggarane i Europa innanfor den sjangeren Hjartesmil tilhøyrer - gjerne definert som ”rosablogging”. Den glansa vekeblad- og magasinverda har sakna nynorskrøyster. Med sitt brennande engasjement for å nå ut, har prisvinnaren slege inn den fyrste kilen i bokmålsmonopolet som har rådd grunnen. Ho har sjølv vore både redaktør og gjort alt det grafiske arbeidet i dei to fyrste nummera av magasinet, som kom i 2010.

Noregs Mållag vonar at den kilen står djupt og støtt, og det er ei stor glede å kunne gje Mariell Øyre og magasinet Hjartemagasinet hennar 50.000 kroner i stipend.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no