Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Markerer 100 årsjubileum

 (09.08.2011)

Jølster kommune og Jølster Mållag, med Hilde Yndestad Halland og Hallstein Dvergsdal i spissen, markerer at det er 100 år sidan nynorsk vart innført i skulane i kommunen. Dette vert markert med ei målveke der skulane, barnehagane og kyrkjene har eit spesielt fokus på nynorsk.

Fredag 2. september vert det kulturkveld på Skei Hotel. Då kjem fyrsteamanuensis Jan Olav Fretland, songar Linda Øvrebø, professor Kristian Fossheim og ordførar Gerd Dvergsdal. Dessutan kjem aktørar frå musikkskulen og Vassenden skule for å framføre utdrag frå suksessframsyninga Come as you are! der alle tekstane er omsett til nynorsk.

Laurdag 3. september vert det skuletime i det gamle skulehuset i Gjesdalen med historiske tilbakeblikk på målsoga i Jølster. Lektor Kjell Hamar vil syne lysbilete og forfattar Ragnar Hovland vil syte for litterære innslag.

Laurdag kveld inviterer Kåre og Jølster Mållag til skrønekveld i på Fjøsen.

Set av helga 2. og 3. september, og bli med på 100-årsmarkeringa for nynorsk skulemål i Jølster, melder Jølster Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no