Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til professor dr. juris Ola Mestad

 (03.10.2011)

Årets målpris frå Juristmållaget går til prof. dr. juris Ola Mestad frå Oslo. Mestad får først og fremst prisen for innsatsen sin for nynorsk som rettsmål både som forretningsadvokat og som professor ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

Dernest har han lagt ned stor innsats for nynorsken i ulike nynorskinstitusjonar, og han har ved mange høve stilt opp for Juristmållaget både som styremedlem, leiar og som føredragshaldar.

Ola Mestad, f. 1955 i Oslo, braut ei barriere då han vart den første ”Aker-brygge”-advokaten som nytta nynorsk frå 1990 i advokatfirmaet BA-HR. Alt i 1993 vart han ”deltaker” i advokatfirmaet, eller ”partner” som det elles heiter i advokatverda. Året før hadde han gjort ferdig doktorgradsavhandlinga si ”Om force majeure og risikofordeling i kontrakt”, og han hadde rett etter at han var ferdig jurist i 1984, levert ei lisensiatavhandling med tittelen ”Om Statoil og statleg styring og kontroll”.

Mestad er i dag professor dr. juris i rettsvitskap ved Senter for europarett og Avdeling for petroleums- og energirett, Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. No arbeider han hovudsakleg med internasjonal handels- og investeringsrett, i tillegg til petroleumsrett, kontraktsrett og EU-rett. Mestad har i tillegg arbeidd med korrupsjonsproblemstillingar. Han er òg leiar i Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland. Mestad har ei rekkje publikasjonar bak seg, både innanfor rettsvitskap og historie. Dessutan har han eller har hatt sentrale verv i sentrale nynorskinstitusjonar som Dag og Tid, Fonna Forlag, Syn og Segn og Samlaget.

Ola Mestad har i mange år vore medlem i Juristmållaget. Han var leiar frå 1980 til 1983, og sat i styret i åra etterpå. Då Juristmållaget saman med Studentmållaget i Oslo i 1992 stod bak lovmålsseminar på Finse, var Mestad sjølvskriven føredragshaldar. Han har halde fram med å stilla opp som føredragshaldar for Juristmållaget så sant det har passa, etter at tradisjonen med nynorske skriveseminar langs Bergensbanen vart vekt til live frå 2005 og seinare. Tradisjonen seier at Ola er fast forsongar på ”Dar kjem dampen” laurdag kveld på seminara.

Målprismottakar og styremedlemer i Juristmållaget: Frå venstre: Gunnar O. Hæreid, Ingvild Skeie, Tonje Hovde Skjelbostad og Ola Mestad.

Årets målprisvinnar er eit førebilete som har bana vegen for mange nynorskbrukande juristar. Ikkje minst har han gjort det lettare å nytta nynorsk som fersk advokatfullmektig i dei fleste store advokatfirma i Oslo og Bergen. Som profilert professor på Universitetet i Oslo i prestisjetunge fag som petroleumsrett og europarett, er han også viktig for nynorskbrukarar ved universitetet, både studentar og tilsette.

Styret i Juristmållaget vedtok i forkant av årsmøtet i 2011 at Ola Mestad skulle få årets målpris. Prisen vart delt ut 3. oktober 2011 ved ei tilstelling på Senter for europarett, avdeling for petroleums- og energirett ved Universitetet i Oslo.

Kjelder:
Allkunne
Mål og rett – Juristmållaget 75 år

Juristmållaget / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no