Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny frist for årets nynorskkommune 2011

 (19.10.2011)

Fristen for å søkje om å bli årets nynorskkommune 2011 er forlenga med ei veke til 24. oktober.

Varaordfører i Seljord, Jon Svartdal og pedagogisk konsulent i Seljord kommune, Tone Bøhn mottok prisen som Årets nynorskkommune 2010 på Falturiltu-festivalen på Stord av statsråd Liv Signe Navarsete. (Foto: KRD)


- Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld kommunen din på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2011, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden vil i haust dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho ynskjer seg ein vinnar som kan vere eit førebilete for andre nynorskkommunar. Alle nynorskkommunane er velkomne til å søkje, òg dei som har søkt tidlegare år.

- Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som målform. Eg vonar mange nynorskkommunar vil være med i konkurransen, seier Navarsete.

Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Stord kommune vann prisen då den blei delt ut for aller fyrste gong i 2009, og Seljord kommune vann prisen i 2010.

Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Prisen blir delt ut i løpet av november 2011.

Les meir

Pressemelding Kommunal- og regionaldepartementet
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no