Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

40 år sidan fyrste lærebokstreiken

 (27.10.2011)

Den 28. oktober 1971 streika over 30 000 elevar ved 112 skular, 59 av dei var gymnas, for at lærebøker skal kome ut på begge målformer til same tid og til same pris.

- Desse elevane og studentane var svært viktige for å få lovfesta retten til nynorske lærebøker i vidaregåande skule, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.





- Eg er veldig stolt av innsatsen til elevane, studentane og Norsk Målungdom, som kjempa så hardt for å få i gjennom den avgjerande retten til lærebøker og læremiddel på eige språk, seier Janne Nygård, dagens leiar i Norsk Målungdom.

Skular frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør deltok i aksjonane. I tillegg vart 26 000 underskrifter samla inn. I fleire år frametter vart det skipa til mange slike aksjonar. Men denne oktoberdagen for 40 år sidan var det laga til den fyrste store lærebokstreiken.

Tre år etter, den 20. mai 1974 vedtek Odelstinget med 112 mot 3 røyster i lov om vidaregåande opplæring at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skal liggje føre på begge målformer til same tid og til same pris. Lagtinget sluttar seg samrøystes til 27. mai 1974. Med denne lova tek det arbeidet til som no har ført til at over 95 % av kvart årskull tek vidaregåande skule, og som inneber at halvparten av kvart årskull får skriftleg opplæring i nynorsk.

Dei aller fyrste streikane var leia frå Bergen. I 1971 vart det tjuvstart i Øystese, før statsbudsjettet vart lagt fram, med streik 10. september, for å verkeleg syne at no meinte dei alvor. Og som vi veit, alvor vart det.

Kjelde er www.allkunne.no og Studentar i målstrid, soga til Studentmållaget i Oslo 1900 - 2000. (Les side 232 til 235)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no