Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Amerikanske julesongar er best på norsk

 (30.11.2011)

For nokre år sidan dikta han Sting om til nynorsk. No har han gjort det same med kjende amerikanske julesongar.

GJENDIKTAREN: – Sjølv om mange av dei amerikanske julesongane har blitt ein del av den norske juletradisjonen, trur eg likevel me er best i norsk, seier Kjell Inge Torgersen, som har gjendikta fleire av dei mest kjende amerikanske julesongane til nynorsk. (Foto: Morten Berentsen )


– Sjølv om mange av dei amerikanske julesongane har blitt ein del av den norske juletradisjonen, trur eg likevel me er best i norsk, seier Kjell Inge Torgersen til Nynorsk pressekontor.
I desse dagar er artisten frå Stavanger aktuell med plata «Julelegender». I tillegg til kjende utanlandske julesongar i nynorsk språkdrakt, inneheld CD-en nyinnspelingar av tradisjonelle norske julesongar og heilt nye julesongar laga av Torgersen sjølv.

Tradisjon og overraskingar
Dei gjendikta julesongane er hovudsakleg engelske og amerikanske julesongar.
– Eg har plukka ut songar eg sjølv har hatt eit forhold til i lang tid, seier Torgersen og nemner «Christmas song», nasjonaljulesongen nummer ein for amerikanarane, som døme på ein av songane han har dikta om til nynorsk. I nynorsk språkdrakt har songen fått tittelen «Song om jul». Den kjende julesongen «Have Yourself a Merry Little Christmas» har blitt til «Desse gylne dagar», medan den populære engelske julesalmen «Joy to the world» er omdøypt til «Gled deg allverd».
Torgersen er fullt klar over at folk er svært tradisjonelle når det gjeld alt som har med jul å gjera, men han trur likevel publikum er opne for ein liten vri på dei kjende songane.
– Jul er både tradisjon, overraskingar og nye ting, seier han.

Det er ikkje første gongen Kjell Inge Torgersen diktar kjende engelske songar om til nynorsk. Tidlegare har han hausta ros for albumet «Aks av gull», der han fekk spesialløyve frå Sting til å dikta om dei mest kjende songane hans til nynorsk.

Frå nynorskhatar til målmann
Kjell Inge Torgersen har ikkje alltid vore like positiv til nynorsk.
– Då eg gjekk på vidaregåande var eg nynorskhatar og klar til å melda meg inn i Riksmålsforbundet, seier han. Men det forandra seg då han byrja på universitetet og utdanna seg innan språk. Tilfeldig hendingar gjorde at han ein dag blei målmann.
– Ein dag sa eg til ho som i dag er kona mi; I dag skal eg gleda den første eg møter som står på stand i byen. Og den første personen eg møtte var ein som stod på stand for Mållaget. Eg gjekk rett bort til han og sa: Eg vil melda meg inn i Mållaget. Det viste seg å vera ganske heldig, for ti meter lenger nede stod mormonane med stand, så det var nok ei sterk styring, ler Torgersen.
Sidan har han vore målmann.
– Men eg er ingen militant fanatikar. Eg er ein vekselbrukar. Sidan eg har vakse opp med å skriva bokmål, brukar eg bokmål og nynorsk om kvarandre.
Når han skriv songtekstar er valet av målform derimot enkelt.
– Då er nynorsk det heilt naturlege valet. Som songar er eg oppteken av fonetikk; kva lydar som er gode å syngja på, og når eg kan forsyna meg av gode, opne vokalar på nynorsk så er det rikt, seier Kjell Inge Torgersen. (©NPK)

NPK/Margunn Sundfjord
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no