Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris til Ægir bryggeri

 (10.12.2011)

Ægir bryggeri er tildelt Nynorsk næringslivspris 2011 frå Noregs Mållag.

Vertskapet Aud Melås og Evan Lewis då dei fekk prisen under ei markering på Håndverkeren i Oslo. (Foto: Kjartan Helleve)

– Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2011 er ei sterk merkevare i ein ny og veksande marknad, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og leiar i juryen.

– Ægir bryggeri har ein god og gjennomført presentasjon av produktet, der innhald, namn og språk heng godt saman. Nynorsk er det naturlege valet på etikettar, vevside, fjesbok og anna kommunikasjon, seier Håvard B. Øvregård.

– Det var aldri noko alternativ, sa vertskapet Aud Melås og Evan Lewis då dei fekk prisen under ei markering på Håndverkeren i Oslo.

Ægir bryggeri starta i 2007, og på den korte tida har dei fått mange utmerkingar og prisar for produktet sitt. Det flytande handverksproduktet kan du i dag finne i butikkar og skjenkestadar over heile landet. I ei bryggerinæring prega av oppkjøp og sentralisering, er mikrobryggeri med lokal forankring og særpreg ei ny og alternativ nisje i vekst.

Bryggeriet med tilhøyrande skjenkestove ligg i Flåm i Aurland kommune, er kalla opp etter ølbryggaren til dei gamle norrøne gudane, og er drive av ein heimflytta sogning og ein utvandra amerikanar.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no