Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk til alle førsteklassingar

 (20.12.2011)

Tidlegare møte med nynorsk gjennom høgtlesing og lydbøker vil styrkje elevane sin kunnskap i norsk. Elevar i barneskulen bør møte begge dei norske målformene alt frå første klasse. Dette er særleg aktuelt no, i samband med at Forum for norskfaget i oktober la fram ein delrapport om det framtidige norskfaget i skulen.

Dei som har bokmål som opplæringsmål, har stor nytte av å høyre også nynorsk gjennom høgtlesing og lydbøker. På den måten møter dei nynorsk i ein alder då dei enno har lite fordommar og stor evne til å lære språk.

Stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer peikar båe på at det er nødvendig å styrkje kompetansen i nynorsk i samfunnet. Forum for norskfaget nemner spesifikt ”tidleg start” som ein måte å styrkjea sidemålsopplæringa. Dersom regjeringa ønskjer det, er det fullt mogleg å innføre ”tidleg start” i samband med at læreplanane skal reviderast. I dag skal elevane møte tekstar på både bokmål og nynorsk seinast i 4. årstrinn. Eit kompetansemål i læreplanen er at eleven etter 4. trinn skal kunne ”samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre kulturer”. Vi er usikre på i kva grad skulane følgjer dette punktet i læreplanen, særleg skular i område der nynorsk er
sidemål. Det bør derfor gå endå tydelegare fram av læreplanen at elevane skal møte tekstar på båe målformer tidleg, til dømes gjennom høgtlesing eller lydbøker. Kompetansemåla etter 4. årstrinn bør styrkjast på dette punktet, og det bør leggast til nytt kompetansemål for 2. årstrinn.

For elevar med bokmål som opplæringsmål er det ein stor fordel om dei høyrer nynorsk høgtlesing allereie i første klasse, slik det òg er ein fordel for alle born å høyre nynorsk høgtlesing i barnehagen. Gjennom tidleg møte med nynorsk får dei ein utvida språkkompetanse, på same måte som elevar med nynorsk som hovudmål får utvida sin språkkompetanse gjennom stadig påverknad frå bokmål.

Vi veit at dess tidlegare elevane tek til å lære eit språk, dess betre lærer dei språket. Vi veit òg at tidlegare start med skriftleg sidemål gjev betre motivasjon til faget hjå elevar med bokmål som opplæringsmål. Dette er dokumentert i ei kartlegging av sidemålsundervisninga laga av TNS Gallup i 2006 på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Opplæringslova (§ 2-5) bør derfor endrast slik at den skriftlege opplæringa i sidemål tek til alt på barnesteget, seinast i 5. klasse. Etter opplæringslova i dag er det berre krav til opplæring i begge målformer dei to siste åra i grunnskulen.

Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no