Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JULI 2014 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Nynorsk verksemd Mållaget meiner Haustseminar 2014 Sidemål Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format
Merknader til framlegg frå Forum for norskfaget

Revisjon av læreplan for norskfaget

 (24.01.2012)

Forum for norskfaget har lagt fram ein delrapport der det drøftar norskfaget i full breidd, frå grunnskule og vidaregåande skule. Også lærarutdanninga er nemnd i delrapporten. Noregs Mållag vil med utgangspunkt i forumet sin delrapport kome med innspel til forumet.

Til punkt 1: Om vurderingsordningane
Forum for norskfaget reiser tre spørsmål i samband med vurdering: éin versus tre karakterar, obligatorisk eksamen i 10. klasse og avsluttande sidemålseksamen etter Vg2 på studiespesialisering i vidaregåande skule.

Ein versus tre karakterar
Ifølgje delrapporten ynskjer forumet éin samla karakter for heile norskfaget i vidaregåande skule, og er open for éin samla karakter i ungdomsskulen. For ungdomsskulen meiner forumet at tre karakterar er krevjande – ikkje av di tre karakterar ”i seg sjølv er krevjande, men fordi faget har for få timar til ein så omfattande og vidtfemnande læreplan”.

For vidaregåande skule meiner forumet at tre karakterar er for mykje for totimarsfaget på yrkesfag og i firetimarsfaget på studieførebuande Vg1 og Vg2. Rett nok har forumet eit atterhald: Anten kan ein slå saman karakterar eller utvida rammene for undervisningstida. Like eins viser forumet til moglege utfordringar ved ein karakter: ”… delar av faget (munnleg? sidemålet?) kan bli skubba til sides, gøymt og gløymt” (1.3.1).

Når det gjeld vidaregåande skule, stiller Forum for norskfaget eit vilkår for ein felleskarakter i hovudmål og sidemål: obligatorisk avsluttande eksamen i skriftleg sidemål (1.3.2).

Når det gjeld ungdomsskulen, foreslår forumet obligatorisk eksamen i norsk skriftleg (hovudmål) etter 10. trinn, med grunngivinga ”Norsk er regifag for dei grunnleggande ferdigheitene lesing og skriving og er elevens viktigaste fag”.

Våre merknader: Noregs Mållag er oppteke av at elevane skal læra seg nynorsk og bokmål skikkeleg. Vi er for ein eigen sidemålskarakter av di dette styrkjer statusen til og sikrar prøving i sidemålet i skulen. Gjeldande ordning er nedfelt i opplæringslova § 2-5, som seier at elevane skal læra både bokmål og nynorsk dei to siste åra på ungdomsskulen. Ordninga er beinveges knytt til offisiell norsk språkpolitikk, som seier at bokmål og nynorsk er jamstilte riksmål i Noreg. Skal denne jamstillinga vera reell, er det heilt avgjerande at alle elevar får sjansen til å læra båe skriftspråka. Tek ein vekk den obligatoriske opplæringa i både bokmål og nynorsk, tek ein samstundes vekk grunnlaget for at bokmål og nynorsk båe skal vera offisielle riksmål i Noreg.

Vi veit at både karakterar og eksamen styrer mykje av undervisninga. Då departementet i 2007 innførte tre karakterar i norsk alt i fyrste semester på Vg1 studieførebuande, var reaksjonen eintydig hjå lærarane: Dei måtte ta til med sidemålsopplæringa i fyrste semester – ikkje i andre semester, slik praksis hadde vore til då. Då sidemålseksamen vart trekkfag i Vg3, endra dette statusen til sidemål (der dette var nynorsk) hjå elevane spesielt og i samfunnet generelt.

Noregs Mållag er ottefull for kva følgjer ein felleskarakter i norsk kan få – ein otte som også forumet målber (pkt 2.3: ”Forumet vurderer det slik at dersom sidemålet blir borte frå den formelle dokumentasjonen på gjennomgått opplæring, vil det lett kunna forsvinna frå opplæringa”). Men vi kan òg sjå dei utfordringane det er for lærarane å måtta jaga etter karaktergrunnlag i tre disiplinar. Like eins veit vi at trass i offisiell jamstilling, og trass i mange tiår med tre karakterar i norsk, har svært mange skuleelevar i Noreg ikkje fått ei opplæring som har gjort dei til støe og trygge nynorskbrukarar.

Ungdomsskulen: I ungdomsskulen er norsk trekkfag i dag. Skal den ordninga halda fram, må elevane framleis få standpunktkarakter i både skriftleg nynorsk og bokmål.

Eit vilkår for å kunna gå inn for éin samla standpunktkarakter i norsk i ungdomsskulen må vera at obligatorisk eksamen i båe målformer igjen blir innført. I så fall må det òg kvantifiserast kor mykje sidemålet skal telja av den samla standpunktkarakteren. Om ein ikkje innfører obligatorisk eksamen i båe målformer, vil éin standpunktkarakter i norskfaget i ungdomsskulen i praksis truleg undergrava kravet i § 2-5 i opplæringslova om at elevane (minst) dei to siste åra i grunnskulen skal ha ”opplæring i begge målformer”. Forumet peikar sjølv i pkt 2.2.1 på utfordringa med manglande norskfagleg kompetanse hjå norsklærarar i ungdomsskulen, noko som fører til at ”Mange elevar med bokmål som hovudmål får ikkje tilfredsstillande opplæring i sidemålet sitt”. Det er grunn til å tru at desse elevane får endå mindre tilfredsstillande opplæring dersom ein ikkje er sikra eiga prøving i skriftleg sidemål i ungdomsskulen.

Vidaregåande skule: Også i vidaregåande skule ser vi helst at elevane får standpunktkarakter i båe målformer. På det vilkåret at obligatorisk eksamen i båe målformene blir innført på ny, er Noregs Mållag likevel ikkje negativ til at det blir éin standpunktkarakter. I så fall må det vera klare retningsliner for kor stor del sidemålet utgjer av standpunktkarakteren.

Forumet foreslår ei avsluttande vurdering av utvalde kompetansemål i norskfaget i Vg2. I tillegg til obligatorisk avsluttande eksamen i skriftleg sidemål i Vg2 etterlyser forumet ei vurdering av om det skal ”innførast eigen standpunktkarakter etter Vg2 på studieførebuande, sidan delar av norskopplæringa blir avslutta her” (pkt 1.3.2). Vi ser det som sjølvsagt at standpunktkarakter(ar) i norsk på vidaregåande skal dekkja alle kompetansemåla, og difor må anten den samanslåtte karakteren som undervegsvurdering frå Vg2 telja med når ein skal setja endeleg standpunktkarakter i Vg3, eller så må det vera eigen standpunktkarakter etter Vg2 slik forumet vurderer. (Sjå òg det vi seier om standpunktkarakter etter Vg2 under neste punkt.)

Avsluttande eksamen i sidemål på Vg2
Forumet nemner fleire moglege fordelar med avsluttande eksamen i sidemål etter Vg2:
- Mengda av kompetansemål som no blir prøvde ut i dagens Vg3-eksamen, blir reduserte ved at nokre av kompetansemåla kan prøvast ut i Vg2-eksamenen.
- Fag med avsluttande eksamen har prioritet gjennom skuleåret, og sidemålet kan bli styrkt ved at elevane har meir tid til å arbeida med det i Vg2 enn i Vg3.
- Meir tid til hovudmålet i Vg3 styrkjer vilkåra for elevar med nynorsk som hovudmål.

Våre merknader: Noregs Mållag sitt syn i dag er at elevane skal ha både hovudmåls- og sidemålsopplæring til dei er ferdige med vidaregåande. Vi ser rett nok at det kan vera fordelar med avsluttande eksamen i sidemålet i Vg2, slik Forum for norskfaget føreslår. Tre vilkår må vera til stades for at Noregs Mållag skal kunna gå inn for avsluttande prøve i sidemålet i Vg2:
- tidleg start med sidemålet (jf. merknad til punkt 2 i delrapporten)
- obligatorisk eksamen i sidemålet ved slutten av Vg2
- karakteren (undervegsvurdering) frå Vg2 må telja med når ein set endeleg standpunktkarakter i Vg3, eller det må vera eigen standpunktkarakter i norsk etter Vg2

Til det siste strekpunktet: Det må avklarast om karakteren (undervegsvurdering) frå Vg2 skal innarbeidast i den endelege standpunktkarakteren, eller om han skal vera eigen standpunktkarakter og stå på det avsluttande vitnemålet, sidan det er ein avsluttande prøve i fleire kompetansemål, mellom anna kunnskapen i sidemålet. Også Forum for norskfaget ”etterlyser ei vurdering av om det i så fall må innførast eigen standpunktkarakter etter Vg2 på studieførebuande, sidan delar av norskopplæringa blir avslutta her” (1.3.2).

Elevar som tek Vg3 Påbyggingskurs, må ta eksamen i både hovudmål og sidemål det tredje året.

”Strategisk målbyte” er òg noko som må undersøkjast nærare før ein gjer endeleg vedtak om avsluttande sidemålseksamen i Vg2. Mange elevar med nynorsk som hovudmål skiftar i dag til bokmål fordi dei veit at dei meistrar båe målformer, og trur dei meistrar bokmål aller best. Fordi det har danna seg eit inntrykk av at det er lettare å få god karakter i sidemålet enn i hovudmålet, satsar dei på at eit slikt byte gir best resultat for samla norskkarakter i båe målformer. Det er avgjerande at ein skaffar seg meir informasjon om dette før ei eventuell endring blir vedteke. Ei endring av vurderingsordninga som fører til større målbyte (byte av hovudmål frå nynorsk til bokmål undervegs i skulen), er i strid med klare mål frå Stortinget (mellom anna i handsaminga av St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining). Meir informasjon kan ein få gjennom spørjeundersøkingar blant elevar med nynorsk som hovudmål. Her viser vi særleg til dei erfaringane Mållaget sjølv har sytt for å samla inn gjennom prosjektet Målstreken (www.malstreken.no)

Ifølgje vurderingsforskriftene skal ikkje hovudmålsprøva og sidemålsprøva vurderast ulikt, men i praksis er det nok slik likevel. Dersom det er slik at elevar med nynorsk som hovudmål på denne måten må visa ein større samla kunnskap i hovudmål og sidemål enn elevar med bokmål som hovudmål for å få same karakter, så er dette i praksis ei undergraving av nynorsk sin status som hovudmål og eit reelt påskot til ”strategisk målbyte” til bokmål for elevar med nynorsk som hovudmål. Anten må elevane vurderast likt i hovudmål og sidemål uavhengig av kva som er hovudmålet, eller så må elevane med nynorsk som hovudmål få kompensert gjennom ekstrapoeng, fordi dei blir vurderte strengare og slik har større kompetanse enn det sluttvurderinga syner, samanlikna med elevar med bokmål som hovudmål.

Andre vurderingsformer
Forum for norskfaget er inne på at det er ”ei utfordring å motivera elevane til læring og samtidig måla dei opp mot nasjonale normer” (1.1.2).

Våre merknader: Noregs Mållag er kjent med at Utdanningsdirektoratet v/Skrivesenteret arbeider med ei ny prøve i norskfaget – Skriveprøva, som følgjer prinsippet om ”vurdering for læring”. Det er såleis ei formativ prøve, men til ein viss grad er ho summativ. Vi veit at prøva etter planen skal brukast på 5. trinn og på 8. trinn. Slik ho no er planlagd, gjeld ho berre hovudmålet. Vi veit at kompetansemåla i læreplanen blir justerte i samsvar med trinnmåla i Skriveprøva. Etter vårt syn er det viktig at Skriveprøva også testar sidemålskunnskapen. Viss ikkje, kan sidemålet lett bli endå mindre vektlagt enn i dag.

Vidare meiner vi at Skriveprøva bør innførast også ved overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule, som ei vurdering av kva elevane treng å arbeida meir med. Eitt av emna i skriveprøva må også der vera prøving i sidemålet, som del av dei grunnleggjande skriveferdigheitene.

Til punkt 2: Om sidemål og hovudmål
Forumet peikar på at ein i revideringa av læreplanen må klara opp i omgrepsbruken nynorsk/bokmål og hovudmål/sidemål. Vidare går forumet gjennom status for hovudmåls- og sidemålsopplæringa, og skriv mellom anna: ”Det er eit generelt problem at norsklærarar i ungdomsskolen ikkje alltid har nødvendig norskfagleg kompetanse, men dette er spesielt tydeleg og problematisk når det gjeld undervisning i sidemål.” Vi kjem attende til lærarutdanninga i merknadene til punkt 15, men her er forumet inne på eit sentralt problem ved opplæringa i nynorsk (både som hovudmål og sidemål).

Tidleg start
Forumet seier at ”revisjonen bør legga større vekt på elevens sidemål på barnetrinnet utover det å samanlikna dialektar” (2.1).

Våre merknader: Noregs Mållag vil peika på at læreplanen alt i dag opnar for at ein skal bruka tekstar på bokmål og nynorsk frå 3.–4.-klassetrinnet. Eit av kompetansemåla er at eleven skal kunna ”samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre kulturer”. Dette er òg i samsvar med vurderinga frå forumet, som spesifikt nemner tidleg start som ein viktig premiss for å styrkja sidemålsopplæringa. Truleg er det mange som ikkje følgjer dette punktet i læreplanen, særleg skular i område der nynorsk er sidemål. Det bør derfor gå endå tydelegare fram av læreplanen at elevane skal møta tekstar på båe målformer alt på 1.-klassetrinnet, til dømes gjennom høgtlesing eller lydbøker.

Vi veit at dess tidlegare elevane tek til å læra eit språk, dess betre lærer dei språket. Opplæringslova bør derfor endrast slik at den skriftlege opplæringa i sidemål tek til alt på barnesteget, seinast i 5. klasse. Det må vera ei opplæring etter dagens læreplan, som har som kompetansemål etter 7. årstrinn av elevane skal kunna ”eksperimentere med ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk, dialekt og gruppespråk”. Vi manglar dessutan ein metodikk for bokmål som sidemål. Det bør arbeidast kontrastivt med dei to målformene.

Opplæringslova seier at sidemålsopplæringa skal begynna i 9. klasse. Den bør endrast slik at ho samsvarar med læreplanen, som altså seier at skriving på sidemålet skal ta til i 5.–7. klasse. Her vil vi særleg visa til kartlegginga av sidemålsundervisninga på 10. trinn og Vk1 som TNS Gallup gjennomførte på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet i 2006, og som syner ein heilt klar samanheng mellom oppstart av sidemålsundervisning i 8. klasse og positiv haldning til sidemålet hjå elevar med bokmål som hovudmål (side 46, tabell 7.1 i rapporten, som ligg på Utdanningsdirektoratet sine sider http://www.udir.no/Tilstand/Forskning/Forskningsrapporter/TNS-Gallup/Sidemalsundervisningen---en-kartlegging-2006/).

Nynorsk sidemål i andre fag enn norsk
Delrapporten drøftar ikkje såkalla positive sidemålsforsøk (bruk av nynorsk i andre fag enn norsk for elevar med bokmål som hovudmål) som eit aktuelt tiltak for å styrkja norskkompetansen til elevane til dømes i ungdomsskulen. Men forumet har tidlegare kommentert dette, i referat frå møte 18.–19. oktober 2010: ”Det er en vinn-vinn-situasjon å bruke begge målformer i undervisningen. Læreren kan skrive på tavlen på sidemål, også på ukeplanen. Gjøre elevene mer bevisste på at det er to språk og bestille fagbøkene på motsatt målform. Å lese bøker på sidemålet er gull verdt.”

Forumet tek ikkje opp spørsmålet om læreplanen bør ha ulike kompetansemål for elevar med nynorsk og bokmål som hovudmål. Forumet skriv: ”Grunnskolegruppa drøfta ikkje eventuelt eigne kompetansemål for skriftleg sidemål i revisjonen av læreplanen.” (2.2.2).

Våre merknader: Heilt sidan Mønsterplanen av 1987 har ein lagt vinn på at sidemålet også kan brukast som arbeidsspråk i andre fag enn norsk. Sidan 2003 har ei rad skular, så vel ungdomsskular som vidaregåande skular, gjennomført såkalla positive sidemålsforsøk der arbeidsmetoden er at elevane bruker nynorsk i andre fag enn norsk. Frå Tromsø i nord via Holmlia i Oslo til Lista i sør har elevar med bokmål som hovudmål brukt nynorsk som lese- og arbeidsspråk i andre fag enn norsk. Resultata har vore utvitydig positive: Elevane har vorte flinkare i nynorsk, og dei får ei meir positiv haldning til nynorsk. Vi bed forumet om å vurdera å koma med framlegg til korleis ein gjennomgang av norskfaget kan leggja betre til rette for og stimulera til at slike positive sidemålsforsøk blir regelen heller enn unntaket.

Fordi elevar med nynorsk som hovudmål er under konstant press frå bokmål, treng også dei å lesa mest mogleg nynorsk. Resultata av forsøka talar for ei ordning der alle elevar med nynorsk som sidemål har bøker på nynorsk i minst eitt fag i ungdomsskulen. Også dei med nynorsk som hovudmål bør ha nynorske bøker i det aktuelle faget – fordi dei treng å møta mest mogleg nynorsk.

Frå hovudmål og sidemål til bokmål og nynorsk
Under pkt. 2 seier forumet: ”Forum for norskfaget meiner at revisjonen må avklara bruken av omgrepa hovudmål – sidemål/ bokmål – nynorsk.”

Våre merknader: Nemningane hovudmål og sidemål er knytte til den språkpolitikken som gjekk ut på å føra bokmål og nynorsk saman til eitt skriftspråk. For dagens moderne språkpolitikk er nemningane meir til skade enn til hjelp: Det styrkjer ikkje motivasjonen for å læra nynorsk når dette skriftspråket blir omdefinert til eit ”sidemål”.

I lærarutdanninga opererer ein ikkje med dette skiljet, men bruker berre nemningane bokmål og nynorsk. Det vil styrkja vilkåra for å nå kompetansemåla i læreplanen dersom ein tek vekk nemningane hovudmål og sidemål og berre bruker omgrepa bokmål og nynorsk.

Nynorsk som hovudmål
I og med at sidemål er nynorsk for dei fleste elevane, er sidemålsordninga sentral i merknadene våre. Noregs Mållag vil likevel peika på ein veikskap i rapporten frå forumet: Det er over 80 000 elevar berre i grunnskulen som har nynorsk som opplæringsmål. I tillegg kjem dei som har nynorsk som hovudmål i vidaregåande. Forumet drøftar ikkje kva vilkår desse elevane har for å få ei fullgod opplæring i hovudmålet sitt. Berre som ein delkommentar til framlegget om å ha avsluttande eksamen i sidemål på Vg2 blir det nemnt at nynorskelevar vil få høve til å konsentrera seg meir om hovudmålet sitt. Noregs Mållag saknar ei drøfting av kva vilkår nynorskelevar faktisk har for å kunna bli stødige og trygge nynorskbrukarar, særleg sidan forumet fleire stader peiker på problemet med manglande norskfagleg kompetanse i nynorsk hjå norsklærarar (pkt 2.2.1, 13.2 og 15). I delrapporten blir dette problematisert berre for elevar med bokmål som hovudmål som ikkje får tilfredsstillande opplæring i sidemålet sitt, men dei same lærarane kan også ha elevar med nynorsk som hovudmål. Delrapporten er her eit typisk døme på korleis norskfags- og sidemålsordskiftet tek utgangspunkt i situasjonen for elevar med bokmål som hovudmål og umedvite ignorerer situasjonen for elevar med nynorsk som hovudmål.

Fleire av momenta vi har nemnt ovanfor – tidleg start, éin norskkarakter og avsluttande sidemålseksamen i Vg2 – er tiltak for dei som har nynorsk som sidemål. Dei med nynorsk som hovudmål er alt i dag utsette for tidleg start gjennom barnehage, skule og massemedium, og er i seg sjølv gode eksempel på at tidleg start nyttar. For dei er det inga ulempe å ha ein nynorsk- og ein bokmålskarakter, og for dei er det ikkje spesielt viktig å kunna konsentrera seg om sidemålet i 2. klasse. Av tiltaka som er nemnde ovanfor, er det einast positive sidemålsforsøk – der alle har nynorsk i eitt eller fleire fag utanom norskfaget i eitt eller fleire år – som gagnar både nynorsk- og bokmålselevar.

Det er altså viktig å hugsa på at vi ikkje kan behandla nynorsk og bokmål som jamsterke storleikar. Det er stort behov for å utvikla ein didaktikk og ein metodikk for bokmålsopplæringa for elevar med nynorsk som hovudmål.

Til punkt 3–6: Om fleirspråklege elevar og norskfaget
Det er ikkje nemnt noko særskilt om bokmål og nynorsk under punkta som handlar om fleirspråklege elevar. Vi tek for gitt at dei som får opplæring etter gjeldande ordinær læreplan (fyrstespråksplanen), skal læra både nynorsk og bokmål.

Departementet har eksplisitt sagt at elevar ikkje skal ha automatisk fritak frå sidemål fordi dei har foreldre frå utlandet. Likevel er det skular som automatisk gir tilbod om fritak der eleven har ein utanlandsk forelder. Noregs Mållag kjenner til at elevar i Oslo-skulen har fått tilbod om å sleppa sidemål fordi den eine forelderen var dansk. Fleirspråklege elevar som meistrar bokmål fullt, har ikkje større vanskar med å læra seg nynorsk enn elevar med norsk bakgrunn har. Dette er støtta gjennom empiriske undersøkingar, jf. Penne og Jansson. For elevane er det dessutan ein viktig kompetanse å ta med seg vidare i livet at dei har sluttvurdering i både nynorsk og bokmål.

Mange av dei fleirspråklege elevane blir hemma i språkutviklinga si ved at dei har for lite ordtilfang på sitt eige morsmål, særleg når det gjeld abstrakte omgrep. Der dei ikkje kan få utvikla eit slikt ordtilfang ved å ha eit ressurssterkt heimemiljø, blir det vanskeleg å tileigna seg dette på morsmålet sitt, og då blir det òg vanskelegare å utvikla eit slikt ordtilfang på norsk. Det er svært uheldig at morsmålsopplæringa blir kutta ut ganske tidleg og lenge før elevane har fått utvikla dette ordtilfanget på morsmålet sitt, og då har dei eit handikapp som øydelegg for norskopplæringa deira både på ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.

Same kvar i landet dei fleirspråklege elevane bur, må dei få ei norskopplæring som ikkje berre blir avgrensa til normalisert bokmål. Dei bør bli trena opp til å forstå norsk dialekttale og til å kunna lesa tekstar ikkje berre på bokmål, men på nynorsk òg. Det er sterkt kritikkverdig at mange som bur i område der dei fleste har nynorsk som hovudmål, ikkje får skikkeleg nynorskopplæring, og på grunn av svikt i norskopplæringa får problem med å forstå dialekten på den staden der dei bur. Det burde vera sjølvsagt at dei i slike tilfelle skal få høve til å læra seg nynorsk, og mange fleirspråklege elevar med god fagkompetanse elles burde få sidemålsundervisning på lik linje med andre norske elevar. Vi har mange døme på at det fungerer heilt greitt og aukar norskkompetansen deira reint allment. Det har dessverre ofte vorte slik at mange av dei nærmast automatisk blir ”fritekne” for evaluering i sidemål (og då i praksis for omtrent alt som har å gjera med nynorsk). Det er ei grov undervurdering av mange ressurssterke elevar som på den måten kan få unødige problem med utdanning og yrkesval seinare i livet.

Likevel er det dessverre slik at mange av desse elevane (særleg dei over vanleg grunnskulealder) vil ha store problem med å oppfylla dei krava vi stiller, same kor arbeidssame og ressurssterke dei er. Det er trist både for dei det gjeld og for det norske samfunnet totalt sett at vi ikkje lukkast betre med å gi dei den hjelpa dei treng for å få realisert ambisiøse utdanningsplanar som dei elles ville ha gode føresetnader for å kunna gjennomføra. Vi trur skulen kunne ha vorte mykje flinkare til å gi individuelt tilpassa opplegg med til dømes sommarundervisning eller utdanningstilbod som kunne ta litt lengre tid, men der den ekstratida vart betre kompensert reint økonomisk, slik at dei ikkje tapte for mykje på å ta ei utdanning som det norske samfunnet ville ha stor nytte av at dei tok.

Til punkt 7: Om grunnleggjande ferdigheiter
I Kunnskapsløftet vart dei grunnleggjande dugleikane innførte som sentrale omgrep. Det gjeld mellom anna grunnleggjande dugleik i lesing og skriving, ein dugleik som er meint å vera sentral i alle fag der eleven les og skriv. Forumet drøftar korleis desse grunnleggjande dugleikane kan vera med på å styrkja den samla tekstkompetansen (literacy) hjå elevane (7.3).

Våre merknader: Ein del av den samla tekstkompetansen er at elevane skal kunna lesa både bokmål og nynorsk. Det føreset at elevane får nok tid til faget, som vi har vore inne på i merknadene til punkt 1 og 2, og at lærarane kan både nynorsk og bokmål. Alle lærarar er norsklærarar, og derfor er det svært viktig at alle har hatt norsk i lærarutdanninga, jf. merknad til punkt 15.

Til punkt 8: Om læreplanens struktur/hovudområde
Forum for norskfaget skriv: ”Kanskje er det best å ta bort Sammensatte tekster, og elles bevara så mykje som muleg av gjeldande struktur i læreplanen?”

Våre merknader: Noregs Mållag vil ikkje kommentera kva for emne som bør gå ut av læreplanen, men vil peika på at norskfaget er eit danningsfag som har ansvar for opplæring i språk og kultur og i grunnleggjande ferdigheiter. Norskfaget tek hovudansvaret for tre av dei viktigaste grunnleggjande ferdigheitene: lesing og skriving og munnleg bruk av språket, og det må gå klart fram av læreplanen. Etter vårt syn er det problematisk at desse ferdigheitene er likestilte med samansette tekstar i gjeldande læreplan for norsk.

Til punkt 9: Om læreplanens innhald og ambisjonsnivå
Forum for norskfaget er inne på at skulen skal gi elevane ei felles referanseramme, og at ein revidert norskplan i så fall bør ”legga opp til dette gjennom ei liste over utvalde obligatoriske forfattarskapar”.

Våre merknader: Nynorsken taper på at kompetansemåla mange stader er vage, til dels perifere og har eit urealistisk ambisjonsnivå. At kompetansemåla er utflytande, fører til at mange lærarar risikerer å leggja meir arbeid i det perifere enn i det sentrale. Læreplanen må derfor strammast opp.

Vi er elles ikkje usamde i tanken om leselister/kanon i læreplanen, men vil presisera at lista då må innehalda både nynorsk- og bokmålsforfattarar. Vi veit at mange norskverk blir skrivne på bokmål – av forfattarar med bokmålsbakgrunn, og deretter blir omsette til nynorsk. I leseverk tek dei nok med tekstar av dei mest kjende nynorske forfattarane, men kunnskapen om nyare nynorsk barne- og ungdomslitteratur synest å vera mangelfull hos lærebokforfattarar og forlag.

Skjønnlitterære tekstar blir dessutan brukte i arbeidsbøker og språklæringsbøker. Dei fleste skjønnlitterære tekstane er då henta frå bokmålsforfattarar, og det blir ofte ikkje lagt arbeid i å plukka fram tekstar av nynorskforfattarar til nynorskversjonen av desse arbeidsbøkene. Det er med på å styrkja fordommen om at det finst lite nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

Til punkt 10: Om læreplanens breidd
Forum for norskfaget er også her inne på at ”kompetansemåla som ikkje er spesifikt norskfaglege, kan takast ut”.

Våre merknader: Noregs Mållag støttar forumet på dette punktet, jf. også merknaden til punkt 8.

Til punkt 11: Om læreplanens progresjon
Forum for norskfaget skriv at ”aktiv lesing [bør] vektleggast sterkare allereie på barnetrinnet” (11.1).

Våre merknader: Noregs Mållag er samd i at det er svært viktig å gi elevane lesetrening. Det kunne leggjast til at elevane må begynna å lesa både nynorsk- og bokmålstekstar tidleg. Jf. merknad til punkt 12 om at eitt kompetansemål i 2. og 4. klasse kan vera å lytta til og forstå nynorsk og bokmål.

Til punkt 12: Om læreplanens kompetansemål
Forum for norskfaget skriv: ”Språklæringsaspektet må vera tydeleg i kompetansemål på alle steg.” (12.1).

Våre merknader: Av dagens kompetansemål går det fram at elevane skal kunna ”samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre kulturer”, etter 4. årstrinn. Dei skal òg kunna ”beskrive likhet og forskjeller mellom et utvalg talemålsvarianter i Norge”, og dei skal kunna ”forstå svensk og dansk tale”. Noregs Mållag meiner at det må leggjast meir vekt på nynorsk i kompetansemåla, dersom formuleringa ”tidleg start” skal få eit reelt innhald. Kompetansemåla tek ikkje for seg lytting som ein aktivitet, men eit kompetansemål både etter 2. og 4. klasse kunne vera å ”lytta til og forstå opplesen tekst på nynorsk og bokmål”. Lydbøker kan vera eit godt hjelpemiddel i den samanhengen.

På 4. trinn bør eit kompetansemål vera at elevane kan ”lesa tekstar på båe målformer”.

Kompetansemåla for dei høgare stega gir gode vilkår for ei god opplæring i nynorsk. Det bør undersøkjast i kva grad dei blir følgde i skulekvardagen.

Til punkt 13: Om implementering og kompetanseutvikling
Forum for norskfaget har under kompetanseutvikling eit eige punkt om sidemål. Der blir det understreka at ”svak norskfagleg kompetanse hos lærarar kombinert med negative holdningar til nynorsk er ei aktuell utfordring”.

Våre merknader: Noregs Mållag sluttar seg til den vurderinga forumet har av nynorskkompetansen blant mange lærarar. Vi meiner at Utdanningsdirektoratet må tilby ei etterutdanning i nynorsk – gjerne nynorsk i eit fleirspråkperspektiv, der deltakarane i tillegg til å læra å skriva formelt rett får ei innføring i kva det inneber å vera reelt tospråkleg, og korleis andre nasjonar med to språk gjennomfører opplæringa.

Noregs Mållag har i tre år drive eit prosjekt om målbyte i Valdres, prosjektet Målstreken. Ei av erfaringane frå prosjektet er at lærarar synest det er vanskeleg å ta opp den norske tospråkssituasjonen, og at dei underviser elevar med nynorsk som hovudmål som om nynorsk skulle stå jamsterkt med bokmål i samfunnet. Det læreplanen seier om å gi elevane ”språklig selvtillit og trygghet i egen kultur som grunnlag for utvikling av identitet”, synest i liten grad å vera tematisert i samband med nynorskopplæringa.

Til punkt 14: Om overgangane mellom skoleslaga
Forum for norskfaget etterlyser fastare ordningar for overgangane mellom skuleslaga.

Våre merknader: Noregs Mållag veit at 7.-klassingane i mange nynorskstrøk blir bedde om å kryssa av for om dei vil ha nynorsk eller bokmål når dei kjem på ungdomsskulen. Skjemaet er ei aktiv påminning om at no kan dei byta til bokmål. Det skjer neppe i bokmålsskular.

Ofte blir ikkje spørsmålet nynorsk eller bokmål tematisert når elevane kjem på vidaregåande skule. Vi kjenner til stader der elevar har vorte førte opp med bokmål som hovudmål på vidaregåande, sjølv om dei har hatt nynorsk i ungdomsskulen. Her kan det nok vera nyttig med felles rutinar for korleis språkval skal registrerast.

Til punkt 15: Om lærarutdanninga
Forum for norskfaget gir klart uttrykk for uro over norskfaget si stilling i lærarutdanninga. Mellom anna uttalar forumet: ”Forumet finn det uhørt at norsk ikkje er obligatorisk fag på 5–10-utdanninga, og peiker spesielt på situasjonen for alle studentane på 5–10-utdanninga som blir norsklærarar på mellomtrinnet.”

Våre merknader: Noregs Mållag er heilt samd med Forum for norskfaget i at lærarutdanninga må styrkjast. Norsk må igjen bli eige fag for alle som tek vanleg lærarutdanning, og ikkje ein integrert del av ”Pedagogikk og elevkunnskap”, som det er i dag. Desse obligatoriske norskfaglege emna som dreier seg om utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter og lesekunne, kan no vera ein modul på 15 stp., og særkjennet er at dei er nær knytte til det fyrst valde faget, matematikk eller engelsk.

Når det gjeld det obligatoriske norskfaget på båe grunnskulelærarutdanningsretningane, er det viktig at det blir lagt vekt på opplæringsmoglegheiter og krav om likeverdige vurderingsformer i båe dei to norske målformene, men med særleg vekt på nynorsk, som for dei fleste studentane er vurdert på eit sidemålsnivå frå vidaregåande skole. Lærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus har hatt gode resultat med mappe som opplærings- og vurderingsform. Studentane skreiv det fyrste året i norskfaget ved den tidlegare allmennlærarutdanningsmodellen alle mappetekstane sine på nynorsk og fekk med dette ei sterk formativ vurdering gjennom diskusjon om og respons på skriftleg språk, i tillegg til ei summativ vurdering med gradert sluttkarakter i norskfaget. I lærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus er nynorsk og bokmål eksplisitt sidestilt, studentane skriv bokmål ved andre skriftlege oppgåver og på skuleeksamen. Arbeidet med mapper er vidareført og tek på alvor at studentane treng stadige øvingar i nynorsk. Denne modellen burde kunna gjennomførast ved andre lærarutdanningsinstitusjonar òg. Slik mappevurdering kan også vera ein eksemplarisk arbeids- og vurderingsmåte i andre fag enn norsk. Nytteeffekten ved ei tydeleg vektlegging av nynorskskriving over lengre tid er innlysande: Dei som har hatt nynorsk som sidemål, har ein sjanse til å skaffa seg kompetanse dei manglar, og dei som har hatt nynorsk som hovudmål, får den støtta dei gjerne treng for å kunna halda på hovudmålet sitt.

Kjennskap til nynorsk barnelitteratur, fiksjon og faksjon er ein nødvendig del av lærarkompetansen. For å sikra at alle framtidige lærarar har slik kompetanse, rår vi til at det blir presisert eksplisitt at studentane skal lesa like mykje på nynorsk og bokmål, jf. merknadene til punkt 9 Om læreplanens innhald og ambisjonsnivå.

Også dei som tek andre typar lærarutdanning, bør ha eit minimum av norsk i utdanninga for å kunna utvikla lærarkompetanse etter krava i Kunnskapsløftet, – jf. vektlegginga av grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og munnleg i alle fag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2014
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no