Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris frå Juristmållaget til Jørn Øyrehagen Sunde

 (23.03.2012)

Frå venstre: Camilla Haukeland Olsen, Lars Kvestad, Jørn Øyrehagen Sunde og Eirik Myking Midtbø.
Juristmållaget har tildelt Jørn Øyrehagen Sunde årets målpris.
- Med engasjement, humør og eineståande kunnskapar har Sunde på få år rekt å bli ein av dei mest populære førelesarane ved jussfakultetet i Bergen, og studentane tildelte han førelesarprisen både i 2010 og 2011. Både førelesingar og kursmateriell kjem på ein utmerka nynorsk, fortel Gunnar Hæreid, leiar i Juristmållaget.

Jørn Øyrehagen Sunde er mellom anna kursansvarleg og førelesar i ”Rettshistorie og komparativ rett - Rettskultur i eit Europa i endring”, eit fag som ikkje berre er unikt i Noreg, men også i Europa. Han fekk tildelt målprisen i samband med eit seminar på Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Jørn Øyrehagen Sunde er fødd i 1972 i Uskedalen i Kvinnherad. Han vart uteksaminert frå det juridiske fakultetet i Bergen i 1999, og peila seg raskt inn på ei akademisk karriere. Etter ein periode på doktorgradsprogrammet ved det juridiske fakultetet i Tromsø flytta han tilbake til Bergen og Vestlandet, og i 2007 vart han både dr. juris og professor ved det juridiske fakultetet i Bergen.

Sidan 2006 har Juristmållaget kvart år delt ut ein målpris. Så langt har høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, professor emeritus Nils Nygaard, professor Kåre Lilleholt, lagdommar Asbjørn Nes Hansen, pensjonist Bergfinn Aabø og professor Ola Mestad fått prisen for innsatsen for det nynorske rettsmålet.

Utdelinga skjedde på eit UiB-seminar om juristutdanning torsdag ettermiddag, der Sunde var ein av innleiarane. Juristmållaget overraska han med prisen rett etter at han var ferdig med si innleiing.


***
Grunngjevinga for Målprisen 2012:
Jørn Øyrehagen Sunde er fødd i 1972 i Uskedalen i Kvinnherad. Han vart uteksaminert frå det juridiske fakultetet i Bergen i 1999, og peila seg raskt inn på ei akademisk karriere. Etter ein periode på doktorgradsprogrammet ved det juridiske fakultetet i Tromsø flytta han tilbake til Bergen og Vestlandet, og i 2007 vart han både dr. juris og professor ved det juridiske fakultetet i Bergen.

For Sunde synest interessa for rettsvitskapen å vera uløyseleg knytt til lidenskapen for historie. Doktorgradsavhandlinga hans ber tittelen ”‘Fornuft og Erfarenhed‘ - Framveksten av metodisk medvit i dansknorsk rett på 1700-talet”. Han har sidan 2002 vore tilknytt Baroniet i Rosendal som forskar, og i 2008 vart han i tillegg utnemnt til professor II ved Senter for mellomalderstudium i Bergen. Sunde har ei imponerande rekkje publikasjonar på samvitet, og er mellom anna vald til å skriva Høgsteretts historie bind 3, som etter planen skal publiserast i 2015.

Blant jusstudentane i Bergen er Sunde kjent som kursansvarleg og førelesar i ”Rettshistorie og komparativ rett - Rettskultur i eit Europa i endring”, eit fag som ikkje berre er unikt i Noreg, men også i Europa. Mange studentar er på førehand skeptiske til faget – det høyrest då slett ikkje relevant ut, i alle fall ikkje for den som skal bli forretningsadvokat eller dommarfullmektig. Slik startar Sunde i ein aldri så liten motbakke, men den blir som regel raskt overvunnen.

Med engasjement, humør og eineståande kunnskapar på feltet har Sunde på få år rekt å bli ein av dei mest populære førelesarane ved fakultetet, og studentane tildelte han førelesarprisen både i 2010 og 2011. Både førelesingar og kursmateriell kjem på ein utmerka nynorsk. Det seiest at Sunde får elles konsekvente bokmålsstudentar til å bruka ord som "rettferdsideal" i fleirtal, utan at dei tenkjer meir over det.

Innanfor faget sitt er han ein føregangsmann, og nynorsken står sterkt innanfor omgrepsapparatet han har bidrege til å utvikla. Gjennom førelesingane ved Universitetet i Bergen er han dessutan ei levande inspirasjonskjelde for studentar som ønskjer å skriva nynorsk.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no