Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Nynorsk pressekontor

 (29.03.2012)

Det var under årsmøtet og styremøtet torsdag dei to fekk tildelt dei nye rollene sine. Kristian Fjellanger er SV-politikar og forfattar, Eli Strand er informasjonssjef i Nortura – også kjend frå tida i TV 2.

– Eg gler meg til å vere med å vidareutvikle Nynorsk pressekontor, og på den måte syte for at nynorskdelen i norske aviser og andre nyheitskjelder aukar, seier den nyvalde styreleiaren til pressekontoret etter møtet.

– Ein ser særleg at det er lite nynorsk i nettavisene – og det vil vere ei viktig satsing for oss framover. Folk må bli vande med å lese nynorsk og at det skal vere like naturleg som å lese bokmål, meiner han.

Kristian Fjellanger representerer Noregs Ungdomslag og har vore ein del av styret sidan 2011, Eli Strand representerer Noregs Mållag og er ny i styret.

Styret Stiftinga Nynorsk pressekontor er sett saman av to representantar frå kvar av stiftarorganisasjonane: Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Kringkastingsringen og ein frå dei tilsette i redaksjonen Nynorsk pressekontor. (©NPK)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no