Vil ha Wordfeud på nynorsk
(10.04.2012)
Norsk Målungdom ynskjer seg Wordfeud på nynorsk.
- Wordfeud på nynorsk vil vere ein enkel og morosam måte å lære seg nynorsk på, uansett kva den enkelte eleven har som hovudmål, seier Vebjørn Sture (24), påtroppande leiar i Norsk Målungdom (NMU).
- Mange elevar, særleg dei med bokmål som hovudmål, møter ikkje nynorsken stort andre plassar enn i norsktimane på skulen. Då er det ikkje rart at dei synest det blir vanskeleg å lære seg. Å tilby nynorskversjonar av mobilspel som Wordfeud er ein glimrande måte å nå ut til desse elevane på, held Sture fram.
Den nyvalde NMU-leiaren trur også ei nynorskutgåve av Wordfeud vil vere lønsamt for spelskaparen, Wordfeud-gründer Håkon Bertheussen.
- Wordfeud på nynorsk vil utvilsamt ha stor appell i nynorskmiljøa. I tillegg kjem alle dei potensielle kundane som i utgangspunktet er bokmålsbrukarar, men som vil ha Wordfeud på nynorsk for å øve seg i det - akkurat slik vi ser at mange bokmålselevar har til dømes Facebook på nynorsk. Her ligg vegen open for større inntekter, både gjennom at fleire kjøper betalingsversjonen, og gjennom meir visningstid for reklamen i gratisversjonen, seier Vebjørn Sture, som også sjølv speler Wordfeud.
- Å spele Wordfeud på bokmål er for så vidt grei sidemålstrening for min eigen del, men eg kan garantera at entusiasmen vil auka så snart Wordfeud kjem på nynorsk. Då skal eg kjøpa betalingsversjonen, smiler Vebjørn Sture
|
|