Søknad om sidemålsfritak frå Buskerud
(10.04.2012)
Hovudutvalet for utdanningssektoren i Buskerud fylkeskommune vedtok i januar at dei ynskjer å søkje Utdanningsdirektoratet om å starte forsøk med fritak for sidemålsopplæringa i vidaregåandane skule.
Søknaden er delt i tre med primær og er no sendt Utdanningsdirektoratet. Sjå søknaden nedst på sida.
I vedtaket frå hovudutvalet for utdanningssektoren i Buskerud er det protokollført at ein primært søkjer om valfritt sidemål (slik ein gjorde i Osloforsøket). I søknaden står det at elevane fyrst og fremst skal lese eige hovudmål, i motsetnad til Oslo-forsøket der det vart lagt vekt på at elevane skulle lese sidemålstekstar. Såleis vil dei folkevalde i Buskerud ha forsøk med å fjerne sidemål, for mange elevar vil det seie nynorsk, frå pensum i vidaregåande skule.
Hovudoppgåva til norskfaget bør vere å gjere elevane kunnige i sin eigen skriftkultur. Og både nynorsk og bokmål er ein viktig del av den norske skriftkulturen.
Til liks med fleire andre mindretalsspråk rundt om i verda, er nynorkbrukarane avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukanane for å kunne nytte språket sitt. Ivaretaking av rettane til mindretalsspråkbrukarane er difor ein viktig grunn for at fleirtalspråkbrukarane skal meistre mindretalsspråket. Ei svekking av sidemålsordninga er ei svekking av nynorskbrukanrane sine rettar. Såleis er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde.
Relaterte filer:
|
|