Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Søkjer om forsøk utan grunngjeving

 (18.04.2012)

Buskerud fylkeskommune søkjer for andre gong på eit år om å gjere endringar i norskfaget. Denne gongen skuldar dei på Kristin Halvorsen.

Når kommunar og fylke har lyst til å angripe sideopplæringa, søkjer dei om å få gjennomføre eit forsøk. Buskerud Fylkeskommune går lenger enn det. Dei har søkt om å gjere endringar i norskfaget.

”Hovedutvalget for utdanningssektoren i Buskerud har i møte 26.1.2012 enstemmig gjort følgende ved: Buskerud fylkeskommune sender inn en søknad til Utdanningsdirektoratet om å gjøre endringar i norskfaget.”

Endringane er delte i ei prioritert rekkjefølgje: valfritt sidemål, éin karakter i norskfaget og at elevar med lese- og skrivevanskar skal få sleppe vurdering i sidemål.

– Det er viktig for oss, av di me ser at ein av fem elevar går ut av skulen utan å kunne lese og skrive skikkeleg. Difor ynskjer me å prioritere det som er viktig i skulen. Og det som er viktig, er å lære seg hovudmålet skikkeleg. Difor søkjer me no, av di me ser at Kristin Halvorsen har endra meining. Me fekk avslag på søknaden i fjor, men no håpar me å få søknaden godkjent, slik at elevane ved dei vidaregåande skulane i Buskerud får valfritt sidemål frå i haust, seier Christopher Wand (Høgre), medlem i hovudutvalet for utdanningssektoren i ein videosnutt som er lagt ut på fylkeskommunen si heimeside.

Eit med møte Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er den einaste grunngjevinga som står i søknaden. Utgangspunktet for møtet var Ny GIV-prosjektet til Kunnskapsdepartementet, som handlar om å løfte opp dei svakaste elevane. ”(På møtet) ble det gitt signaler om å redusere satsingen på sidemål for å styrke språkopplæringen i hovudmålet. Med dette vedtaket markerer hovedutvalget støtte til kunnskapsministerens intensjoner.”

Kunnskapsdepartementet kjenner seg ikkje heilt att i framstillinga frå fylkeskommunen. I fylgje informasjonsavdelinga i departementet snakka ministeren berre i generelle vendingar på dette møtet, og sa ikkje anna enn det ho sa i fleire offentlege samanhengar på denne tida. Ho understreka samstundes sterkt at ho ikkje hadde teke noka avgjerd i denne saka. Ikkje på noko vis oppfordra ho Buskerud Fylkeskommune om å dra i gang endringar i norskfaget på eiga hand.

Rådde frå å søkje
Søknaden er underskriven av Jan-Helge Atterås, fylkesutdanningssjef i Buskerud fylkeskommune. Han svarar at søknaden ikkje har utspring i noko saksframlegg frå administrasjonen. Difor sender han spørsmåla vidare til Hovedutvalget for utdanning ved leiar Elisabeth Skogrand. Heller ikkje ho er så lysten på å kommentere dette, og seier at det er Christopher Wand som er deira talsmann i denne saka.

Christopher Wand representerer Høgre i utvalet og er samstundes generalsekretær i Unge Høgre på nasjonalt plan. Han har stått i spissen for kampen mot obligatorisk sidemål lenge. Bakgrunnen for søknaden i fjor var eit innbyggjarinitiativ frå Buskerud Unge Høyre med Wand i spissen. Dei samla inn 926 underskrifter og søknaden måtte fremjast. Før søknaden vart sendt, var saka innom administrasjonen og fylkesutdanningssjef Atterås. Han rådde frå at det vart sendt ein søknad.

”På bakgrunn av signaler fra Utdanningsdirektoratet om at søknader om valgfritt skriftlig sidemål ikke vil bli innvilget, anbefaler fylkesutdanningssjefen at fylkeskommunen ikke søker om forsøk med valgfritt skriftlig sidemål i videregående skole.”

Søknaden vart likevel sendt. Og avslaget kom. Utdanningsdirektoratet synte til at opplæringslova ikkje gav rom for unnatak, og at direktoratet tidlegare hadde sagt klårt i frå om at fleire forsøk med både valfritt sidemål og ein samla norskkarakter ikkje ville bli godkjende.

” Vi opplyser også om at Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag fra Kunnskapsdepartementet å revidere læreplanene i norsk.”

Vel eit halvt år seinare har likevel Buskerud fylkeskommune sendt inn ein ny søknad om valfritt sidemål og eventuelt ein samla norskkarakter.

– Alle monner drar
– Førre gong me søkte om valfritt sidemål hadde utdanningsdirektoratet fått politisk beskjed om at slike søknader ikkje ville bli godkjende. Me tolka kunnskapsministeren sine uttalingar i media som eit signalskifte, seier Wand.

– Innhaldet i den norske skulen blir styrt av Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Men de søkjer om ”å gjøre endringer i norskfaget”. Betyr det at de ynskjer at innhaldet i skulen skal bli avgjord på fylkeskommunalt nivå?

– Eg meiner at det skal vere valfritt sidemål på eit nasjonalt plan og eg er sikker på at det på eit tidspunkt blir det. Inntil det skjer, må vi som lokalpolitikarar kjempe for å få det til på lokalt plan, alle monner drar, seier Wand.

På spørsmål om det er ein sjanse for at denne søknaden kan bli godkjent, svarar Utdanningsdirektoratet:
”Saksbehandlingen av denne søknaden er ikke klar og vi kan ikke forskuttere et svar, men vi kan opplyse om at en tidligere søknad fra Buskerud fylkeskommune har blitt avslått.”

Kjartan Helleve / Norsk Tidend 2 / 2012
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no