Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Læraren er nøkkelen

 (24.04.2012)

– Haldningane til svenskfaget i den finske skulen er langt betre enn det som kjem til uttrykk i media, seier forskar Hanna Lehti-Eklund. Ho kjem til landsmøtet i Noregs Mållag for å innleie om sidemålsordninga i Finland.

Saman med andre forskarar har ho gått inn i den svenske skulen for å undersøkje den obligatoriske svenskundervisninga, og det har resultert i to rapportar. Svenskundervisninga har vore diskutert i ei årrekkje og omgrep som ”tvangssvensk” er vel etablert. Frå slutten av 1900-talet og framover 2000-talet vart denne kritikken krassare. Lehti-Eklund spekulerer sjølv i om dette har noko å gjere med framveksten av Internett å gjere, at det vart enklare å kome med hatske utfall anonymt. Nokre trekkjer fram EU-medlemskapen frå 1995. Sverige vart mindre viktig, og finnane såg meir mot Europa. Difor vart ikkje det svenske språket så viktig som det hadde vore, og motsett med engelsk.

Denne tilspissinga gjorde at det vart skapt eit bilete av at svenskundervisinga var dårleg, og at elevane heller burde bruke tida si på andre ting. Det er forska lite på dette i Finland, sjølv om det har vore undersøkingar som har gått utelukkande på haldningar.

Det fyrste rapporten ”Svenska i finske gymnasier” kom i 2010. Problemstillinga til Lehti-Eklund og forskarkollegaene hennar var fylgjande: om svenskundervisninga verkeleg er så dårleg og meiningslaus, kvifor går då elevane ut av skulen med gode karakterar? Gjennom intervju og spørjeskjema spurde dei elevar og lærarar ved sju gymnas om haldningar til svensk. I vinter kom ein tilsvarande rapport for grunnskulen, ”Svenska i finska grundskolor”. Typiske spørsmål til elevane var:

– Vad tänker du på när du hör orden svenska språket eller svenskspråkiga?
– Borde läraren använda svenska eller finska i undervisninga?

Lærarane fekk spørsmål som til dømes:
– Du och svenskan: hur skulle du beskriva din egen relation till svenskan?
– Hur tycker du svenskundervisningen borde utvecklas?

Halvparten positive til svensk
– Det er ikkje så negativt ut som ein skulle tru, seier Lehti-Eklund.
– Me var i sju gymnas og sju grunnskular. Det kan høyrast lite ut, men det tek tid å førebu slik forsking. Til rapporten om grunnskulen vitja me sju skular. Me intervjua om tolv lærarar, 86 elevar og fekk 156 skrivne svar frå elevar. I tillegg kom observasjon i klasseromma.

Nesten halvparten av elevane var positive til svensk som skulefag. 31 prosent var nøytrale, medan resten var negative. Dei nøytrale sa at dei såg på fag som eit heilt vanleg obligatorisk fag, og mellom dei negative så kan ein godt finne dei som er skeptiske til alt skulen har å kome med. Desse tala høver godt med dei tala me fann på gymnaset.

Så konklusjonen vår er at motstanden mot faget ikkje er så stor som ein kan få inntrykk av gjennom media. I tillegg var det ei gruppe som var negative til sjølve faget, men som tykte dei hadde ein god lærar. På ein slik bakgrunn kan ein konkludere med at det blir gjort mykje bra.

– Korleis forklarer de desse funna?
– Me trur at nøkkelen er læraren. Det blir gjort veldig mykje arbeid frå lærarane si side, og det styrer haldninga til elevane. Midt på 90-talet kutta ein ned på timetalet, og det tvinga fram endringar i faget. Det er eit faktum at elvane kan mindre svensk no enn før. Men det avgrensa timetalet gjorde at lærarane måtte undervise meir effektivt. Dei kunne ikkje prate så mykje at elevane ikkje fekk seie noko. Difor er gruppearbeid og samtalar to og to imellom vorte meir vanleg. Dette er vel ikkje spesielt for svenskundervisninga i finske skular, men ein trend i all språkopplæring. Me trur at haldningane oppstår lokalt, altså på skulane og i klasserommet, og nett dette at lærarane greier å skape eit godt læringsmiljø, gjer at elevane får eit godt inntrykk av faget.

– Skulen i Finland har eit gått rykte på seg?
– Ja, men det kjem vel an på kva undersøking du les. Finske elevar er flinke fagleg, medan andre undersøkingar syner at danske elevar er meir lukkelege.

Vil ha meir kultur
– Men lærarane er i alle fall flinke.
– Det er dei. Det var nokre av lærarane me intervjua som har undervist i svensk i mange år. Likevel var dei opne for å endre undervisinga. Nett dette ordskiftet om haldningar gjorde at dei var villige til å tenkje nytt.

Alt er likevel ikkje perfekt. Elevane var opptekne av å lære seg meir talespråk, og auke ordtilfanget sitt. Dei kunne også tenkje seg fleire kulturelle innslag, som filmar og videoklypp. Generelt å lære seg meir om det svenske samfunnet. Så eg trur det er råd å gjere undervisinga betre, eller i det minste sjå på kva som skal stå i læreplanen. Planen vil framleis ha grammatikk som hovudfokuset, men burde moglegvis i større grad reflektere ynske frå elevane om meir kultur og samtale.

Men me har fått fleire stimuleringstiltak. Mellom anna er det eit prosjekt som heiter Svenska Nu, der skulane kan tinge vitjingar av alt frå kokkar til rapartistar.

Innfallsport til Norden
– Her til lands er det mykje snakk om kva nytte ein skal ha av å lære seg nynorsk. Er det slik med svensk i den finske skulen også?

– Blant elevane i grunnskulen er det nok færre idear om kva som skal hende i framtida. Der er svensk berre eit fag på skulen. Og eg trur det er ganske få som brukar svensk på fritida eller blir eksponert for språket i særleg grad. På grensa mot Sverige heilt i nord er det nok ein del som snakkar svensk med mor si, eller av og til brukar det når dei sender ein sms.

Dette var nok eit meir aktuelt spørsmål på gymnaset. Skal du vidare på ei universitetsutdanning eller høgskule, så er det obligatorisk å ha svensk. Så på gymnaset hadde elevane ein heilt klår idé om at dei kunne få bruk for det i jobben eller på fritida, om dei t.d. skulle flytte ein stad der svensk var meir utbreidd.

Dette med framtidig bruk er viktig, for om ein manglar ein slik tanke, så mister ein motivasjon, og då blir det vanskeleg å lære seg språk. Og tankane til gymnasiastane var heilt rett. Svensk er ein innfallsport til Norden, og undersøkingar frå næringslivet syner at engelsk er det viktigaste språket, men svensk er hakk i hel. Dessutan er det svært viktig i det personlege møtet. Då vil ein ikkje vere den som berre kan engelsk.

– Og ein kan vel ikkje lære seg for mange språk?

– Det er heilt sant. Nesten alle dei lærarane som underviser i svensk, underviser i minst eitt til framandspråk. Har ein fyrst lært seg svensk, så er det enklare å ta til med andre språk.

Kjartan Helleve / Norsk Tidend 2 / 2012
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no