Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rydd opp i nynorskstatistikken

 (25.04.2012)

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kjem på landsmøtet i Noregs Mållag fyrstkomande fredag. Ho vil møta eit Noregs Mållag med klare utfordringar til ministeren.

Kunnskapsministeren har tidlegare sagt seg uroa for vilkåra nynorskelevane har, mellom anna på bakgrunn av rapportar om at elevane i stort monn forlèt nynorsken.

Informasjon frå Hordaland fylkeskommune tyder no på eit registreringssystem ved skulane der alle elevar automatisk vert registrerte som bokmålselevar, med mindre dei aktivt endrar dette sjølve. Dagens system fører til dømes til at fylkeskommunen har registrert 10 % nynorskelevar frå Stord kommune medan Stord vidaregåande skule melder at 90 % av avgangselevane har nynorsk som hovudmål.

– At nynorskelevane blir registrerte med rett målform, er ei grunnleggjande forsikring om at dei blir behandla som nynorskbrukarar i skulen. Vi forventar at kunnskapsministeren ryddar opp og vonar ho vil avklara dette alt på vårt landsmøte på fredag. For kunnskapsministeren bør det vera viktigare å sikra rettane til nynorskelevane enn å gjera det lett for statistikarane, seier Øvregård.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Gro Morken Endresen, dagleg leiar, 957 85 560

Noregs Mållag skipar til landsmøte fyrstkomande fredag 27. april til sundag 29. april i Teatersalen hjå Bondeungdomslaget i Oslo, Rosenkrantzgt. 8. Les meir om landsmøtet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no