Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kristin Halvorsen kjem til landsmøtet

 (25.04.2012)

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kjem på landsmøtet i Noregs Mållag fyrstkomande fredag. Ho er invitert til landsmøtet i kjølvatnet av ordskiftet i vinter om endringar i norskfaget. Ho vil halde innleiing og få førebudde innlegg frå salen.

Då vart det opna for at sidemålet kunne få mindre vekt i norskfaget gjennom at ein ville ta bort eigen standpunktkarakter i sidemål og gjennom å ha trekkeksamen i vidaregåande. På ungdomsskulen opna ein for at det ikkje skulle vera råd å koma opp til eksamen i sidemål i det heile.

Landsmøtet vert opna klokka 12.00 fredag 27. april, og kunnskapsminister Kristin Halvorsen går på talarstolen i Festsalen i Bondeungdomslaget i Oslo klokka 13.15. Deretter vil mykje av landsmøtet bli prega av saka om sidemålsordninga i Noreg.

I vinter har Noregs Mållag fått 1800 nye medlemer, og Oddny Miljeteig, leiar i bystyregruppa til Bergen SV, stilte seg aller fremst som storvervar. Ho kjem til landsmøtet for å få velfortent takk.

Etter leiartala til Håvard B. Øvregård som sjølvsagt vil ha med denne aktuelle saka, er det forskar Øystein Vangsnes som går på talarstolen.

Fleirspråklege strategiar
Han held innleiing med emnet: Fleirspråklege fordelar. Øystein Vangsnes er forskar ved Universitetet i Tromsø og held landsmøtetalen om fordelar (og ulemper) ved tospråkleg oppvekst.

Noreg er ikkje det einaste landet med ei form for sidemålsordning. Det har også Finland. Hanna Lehti-Eklund, professor ved Institutionen för nordiska språk och nordisk litteratur ved Helsingfors universitet vil halde innleiing om dette.

Sidemål er eit kjent fag i skulen også i Finland, betre kjent som ”tvångssvenskan”. Der som her, er det mange som har måtelege resultat med å gjera faget populært, medan somme skular får det til.

Innleiaren har vore medforfattar av forskingsrapportane “Svenska i finska gymnasier” og “Svenska i finska grundskolor”. Rapportane presenterer resultata av eit forskingsprosjekt som har sett på kva det er som kjenneteiknar dei skulane som lukkast i å gjera svenskundervisninga interessant og som oppnår gode resultat.

I innleiinga si vil ho presentera den finske nøkkelen til suksess. Rapporten med resultat frå grunnskulen vert omdelt i salen.

Fest og moro
Komikaren Sigrid Bonde Tusvik kjem til festmiddagen laurdag kveld for å snakke om hennar forhold til nynorsk. Og det blir det mykje moro utav.

Og Trond Nordby held prolog på festmiddagen om statsminister Konow som held tale i festsalen til Bondeungdomslaget i Oslo for 100 år sidan og fekk deretter mistillit mot seg og regjeringa vart felt av Stortinget.

Fredagkveld er det fotballopera på Det Norske Teatret skrive av Are Kalvø, og han kjem sjølv til teateret for å presentere stykket.

Prisutdeling
Det vert delt ut både Nynorsk litteraturpris og Nynorsk barnelitteraturpris ved opninga klokka 12.45. Begge prisvinnarane kjem sjølv. Det vil også bli utdeling av Målprisen 2012 på laurdag. Dessverre utan prisvinnar sjølv til å ta imot prisen. Og det vert delt ut to nynorsksipend.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no