– Eg trur at om ein samanliknar fyrste veke og siste veke i prosjektet vil ein sjå ei heilt klår forbetring i nynorskkunnskapane, fordi me har jobba konsentrert og fått tett oppfølging, seier Halvor Solhjem Njerve, elev på Elvebakken vgs.
Det sa han til Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og Janne Nygård, påtroppande nestleiar i Noregs Mållag, då dei vitja skulen torsdag føremiddag.
Håvard spurde elevane om kva dei meinte om at alle skal lære å
skrive nynorsk:
– Om ingen skriv nynorsk, vert det ingenting [nynorsk] å lese, kjem det kjapt frå Adrian Arnason.
– Men om me alle skal lære å skrive det, må me i alle fall få vite kvifor, skyt Emilie Bjoland inn. I dag får me berre til svar at det er fordi det står i pensum.
Tidleg startElevane meiner det er dumt at dei ikkje vert introduserte for sidemålet før dei er 15 år. Dei burde møtt nynorsk før, er elevane samde om. Slik det er i dag er det vanskeleg å lære seg eit språk godt når opplæringa startar så seint. Elevane meinte dei heller burde møte nynorsken så tidleg som mogleg i barneskulen.
Fleire av elevane var opptekne av at sidemålet trekkjer ned snittet deira, og undrar om ikkje sidemålet kunne vore friviljug. Håvard spør kor mange som då ville valt nynorsk. Berre tre av elevane er oppe med handa. Om dei måtte velje mellom matte og nynorsk, er stoda ei heilt anna. Då ville dei fleste valt nynorsk
– Nynorsken gjev oss ei innføring i noko utanfor dei sentrale delane av landet, seier Halvor Solheim Njerve.
Tina Johansen var einig.
– Hadde eg vore Noregs Mållag ville eg har lagt meir vekt på kulturargumentet i sidemålsdebatten, me bør lære om meir enn det som omgjev oss, seier ho.