Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris 2011 til Asbjørn Rydland

 (27.04.2012)

Foto: Berit Rekve
Nynorsk barnelitteraturpris 2011 går til Asbjørn Rydland for boka Med eld i hjartet. Prisen er på 30 000 kroner og det er Noregs Mållag som står bak prisen. Utdelinga er ved opninga på landsmøtet i Noregs Mållag.

Juryen har kome fram til denne grunngjevinga:
Vinnaren skriv bøker i ein sjanger som størstedelen av ungdomane les. Dessverre tilbyr forlaga stort sett omsetjingar i denne sjangeren. Juryen meiner vi treng gode norske bøker med magi og fantasi.

Vi meiner vinnaren fortener heider og ære for å ha skapt ei god og spennande forteljing for ungdom. Gjennom eit poetisk språk skildrar han store mytologiar og små detaljar som til saman skaper eit levande og truverdig fantasiunivers.

Vinnarboka er den andre i ein serie om Drakeguten. I denne andre boka finn vi fine karakterar som både jenter og gutar kan kjenne seg att i. Ved å gå inn i tankane til hovudpersonane skaper forfattaren komplekse menneske som ikkje berre er gode eller vonde, men som strir med tru og tvil. Her er modige, unge menneske som klarer å ta store val trass i at dei både er usikre på seg sjølve og at verda omkring dei er vanskeleg å tolke.

Årets jury har vore Eva Westvik, Arild Torvund Olsen og Anne Marit Godal.

Les meir om forfattarskapen hjå Det Norske Samlaget eller hjå Wikipedia.
***
For meir informasjon: Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no