Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris 2011 til Marit Eikemo

 (27.04.2012)

Foto: Berit Rekve
Marit Eikemo er tildelt Nynorsk litteraturpris 2011 for boka Samtale ventar. Prisen er på 30 000 kroner og det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som står bak prisen.

Juryen har denne grunngjevinga:

Nynorsk litteraturpris 2011 går til ein forfattar som skriv morosamt, engasjerande og smart. I den tredje romanen sin skildrar ho med skarpsinn og varme og i eit lett og smidig språk ulike former for fellesskap og utanforskap og vilkår for å møte og leve med andre menneske.

Eksjournalist Elisabeth Brenner er sett på attføring og får gjennom NAV i oppgåve å samle dialektprøver på industristaden Einvik. Ho har vanskar med å komme i gang med innsamlinga – og deretter med å skilje jobb og privatliv. Folk i Einvik plasserer henne raskt som eit framandelement og blir meir og meir skeptiske til prosjekta hennar. Brenner sjølv vekslar mellom ein sterk lengt etter ein fellesskap, ei djup sjølvforakt og ein like djup skepsis til menneska og samfunnet rundt seg.

Marit Eikemo har eit eige blikk for den isolerte outsideren. Ømt og utleverande skildrar ho korleis Elisabeth Brenner serverer kvite statusløgner på Facebook for å halde kontakt med omverda – og for å bli sett. Kva som eigentleg er autentisk er eitt av fleire interessante og råkande spørsmål i romanen. Eikemo koplar Elisabeth sine falske Facebook-postar med jakta på den ekte Einvik-dialekten, samstundes som ho fer rundt i bygda og observerer bryllaupsfotografi i ulike heimer som alle vitnar, og lyg, om den store kjærleiken.

Det handlar om lengt etter nærleik, og korleis sjølvforakt øydelegg alle forsøk og mulegheiter for intimitet. Elisabeth Brenner skeiner frå det eine ytterpunktet til det andre: Ho vil gjere alle til lags, og kjenner òg på eit visst moralsk ansvar, men foraktar på same tid den minste feilen ved andre menneske. Mørkt og morosamt skildrar Samtale ventar eit sterkt eksistensielt ubehag og klarer slik å seie noko klokt om einsemd og fellesskap og om å leve i Noreg i dag.

Juryen i år har vore: Margunn Vikingstad, Ståle Bjørnhaug og Vidar Lund.

Les meir om Marit Eikemo hjå Det Norske Samlaget, Wikipedia og Allkunne.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no