Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stipend for å lage sidemålsblogg

 (28.04.2012)

Noregs Mållag har sidan 2007 delt ut to stipend kvart år, på 50 000 kroner, etter ei gåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt i 2006. På landsmøtet delte Håvard B. Øvregård ut eit stipend til Merete Bratsberg Aae.

Stipendvinnaren er lærar og ikkje frå kjerneområdet for nynorsken. Likevel syner ho gjennom stipendsøknaden eit ekte engasjement for nynorsken. Noregs Mållag er viss på at det arbeidet som det her vert søkt om, vil vere eit godt bidrag til den nasjonale dugnaden for meir nynorsk i kvardagen.

Merete Bratsberg Aae er lærar på Averøy på Nordmøre. Ho stilte seg spørsmålet om ungdommar kan fremje nynorsk i nærmiljøet og i den digitale verda ved å blogge og korleis ein kan spreie gode idear til slikt arbeid gjennom media?

Merete Bratsberg Aae vil lage ein felles sidemålsblogg der alle deltakarane kan bidra og skrive om tema som ungdom er opptekne av. Målet er å knyte desse temaa til eit medvit om kva språk tyder for identitet. Eit utval blogginnlegg kan så trykkjast i ei slags notatblokk som kan delast ut til elevar ved ungdomsskulen i kommunen. Slik får ein eit fysisk resultat i tillegg til det digitale. Det er òg tanken å spreie gode idear og erfaringar frå arbeidet gjennom nettverk fysisk og digitalt.

Merete Bratsberg Aae har tenkt at desse elevane skal møtast 10 kveldar, to timar kvar gong, frå april til september. Her skal dei drive idéutveksling, planlegging, stunt i nærmiljøet, fotografering og skriving på bloggen. Ho vil at dei skal ta for seg spørsmål som: i kva grad talemålet i Averøy er nær nynorsk, kvifor Averøy brukar bokmål, sjekke kvar nynorsk er og ikkje er rundt dei.

Noregs Mållag ser bloggen som eit viktig bidrag til den nynorske skriftkulturen og ei god og viktig skrivetrening til ungdommar med nynorsk som sidemål. Difor får Merete Bratsberg Aae eit stipend på 50.000 kr, og vi ynskjer lukke til!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no