I samarbeid med musikkfestivalen Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso inviterer Kvam Mållag til å gjendikta blueslegenda Robert Johnson.
Dei utfordrar lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i tevlinga om å laga dei beste Robert Johnson-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av den kritikarroste musikaren og Dylan-omsetjaren Tom Roger Aadland under arrangementet LittLarm på Kunsthuset Kabuso i Øystese.
Aadland kjem og til å framføra ei førehandstinga omsetjing ved forfattar, musikar og Robert Johnson-fan Olav R. Øyehaug. Tidspunktet er laurdag 7. juli kl 15. Arrangementet skjer i samband med Bygdalarm, ein utandørs musikkfestival som går over to dagar: 6. og 7. juli.
Robert Johnson (1911-1938) er i følge Kjartan Fløgstad «...ein av dei aller viktigaste musikalske føresetnadene for rock´n´roll, og dermed for moderne musikk og songlyrikk i det heile.” Han har so vidt tilskiparane kan sjå, ikkje vore omsett til norsk før.
Les meir hjå
Bygdalarm