Frå juni vil all mjølk på Vestlandet, bortsett frå H-mjølka, få nynorske kartongar.
– Dette er ei gladmelding for alle mjølkedrikkarar på Vestlandet. Språk er viktig for lokal identitet. Det er bra at Tine no vil bruke nynorsk på kartongane, slik bøndene og forbrukarane har bede om, smiler Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Men berre éin av tjue gardar har vorte presenterte på nynorsk, sjølv om alle dei fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar. Frå juni vil altså all mjølk på Vestlandet, bortsett frå H-mjølka, bli marknadsført på nynorske kartongar.
– Det er tre år sidan Tine slutta å selje nynorsk mjølk i nynorskområda, og i staden valde ”melk” over heile landet. Eg vonar bokmålseksperimentet no vert skrinlagt for godt og at også nynorskområde utanfor Vestlandet får attende tilbodet om nynorsk mjølk, avsluttar Håvard B. Øvregård.
For meir informasjon: Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Bilete av
Håvard B. Øvregård.
Illustrasjon frå
mjølke-kampanjen til Noregs Mållag i 2009.