Fylkesmannen i Troms har auka tildelinga av skjønnsmidlar til språkdeling i skulen i Målselv frå 100 000 kroner til 400 000 kroner, melder avisa Nye Troms.
- Vi går ut ifrå at vi heretter unngår samanslåing av språkdelte klasse på grunn av dårlig kommuneøkonomi, seier Bodil Vinjevoll, leiar i Målselv Mållag.
Målselv er den einaste kommunen i Troms som har språkdeling mellom nynorsk og bokmål. Det er jamleg er nynorskklasse ved Olsborg skole.
- Språkdeling er ein rett foreldre og born har. Dei har rett til å velgje den språkformen dei meiner er best. Reglane er greie, så retten må vi oppfylle uansett om vi får pengar eller ei, seier skulefaglig rådgjevar Erik Myre i Målselv kommune til Nye Troms.
Det var Mållaget som opplyste kommunen om at Fylkesmannen i Rogaland tildelte mellom 440 og 460 000 kroner pr. klasse frå skjønnsmidlane.
Målselv kommune har deretter teke kontakt med Fylkesmanen i Troms, og etter drøftingar er skjønnsmidlane auka til 400 000 kroner. Målselv kommune har ikkje vore klar over rettane kommunane har knytt til skjønsmidlar for språkdelte klasse.
Målselv Mållag meiner kommunen burde vore meir vakne i saka, og peikar på at kommunen har gått glipp av pengar fleire år tilbake i tid, men vonar at ein frå no av unngår at nynorskklassene vert slått saman med bokmålsklassene for å spare pengar.