 |
| Einfrid Perstølen og Håvard B. Øvregård (Foto: Aud Søyland) |
I dag fyller Einfrid Perstølen 95 år. Ho er heidersmedlem i Noregs Mållag. I høve dagen reiste Håvard B. Øvregård og Aud Søyland heim til henne i Asker og overrekte blomehelsing frå Mållaget.
Ho vart fødd 15. juni i 1917 på Ål. Ho er utdanna spesialist i psykiatri og barnepsykiatri. Frå 1976 var ho ein mykje brukt radiokåsør og var med i medisinarmållaget Eir. Ho har tala varmt og arbeidde hardt for mange nynorske kampsaker som nynorske frimerke og pengesetlar. Då oppsøkte ho jamvel seteltrykkeriet til Noregs Bank for å kjenne saka best mogleg.
 |
| Heidersmedlemer feirer 100-årsjubileum for Mållaget: Einfrid Perstølen (t.v) og Olga Meyer. |
Einfrid Perstølen vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag allereie i 1992. Ho sat i styret i Noregs Mållag frå 1965 til 1967 og frå 1970 til 1971. I alle desse åra var ho også medlem i arbeidsutvalet og eitt var dei var ho også nestleiar.
Utetter 70-talet systematiserte Mållaget arbeidet med å klage på språkdiskrimineringa i styringsverket. I dette arbeidet var Einfrid Perstølen ein av dei sentrale. Ho var med i ei eiga mållovsnemnd, og Noregs Mållag gjorde seg gjeldande i førebuinga av den nye lova om målbruk i offentleg teneste som vart vedteken av Stortinget i 1980.
Ho var ein av Noregs Mållag sine to representantar i Norsk Språkråd frå 1976 -1984.
Her finn du oversikt over
alle nolevande heidermedlemene til Noregs Mållag.