Noregs Mållag er i ferd med å flytte til Lilletorget 1. Det kan difor vere vanskeleg å få fatt i oss dei neste vekene.
Alle dei tilsette på skrivarstova i Oslo er involvert i flyttinga. Det kan difor vere ekstra vanskeleg å få fatt på oss på telefon. Sjå innom denne lista over dei
tilsette, så finn du mobiltelefonnummeret til kvar av oss.
For dei som er mest involvert i flyttearbeid
vil andre arbeidsoppgåver bli liggande nokre veker.
Det nye kontoret har blitt måla opp att, golva har blitt bona, alt frå den gamle skrivarstova skal pakkast i kasser eller kastast. I tillegg er det tinga nokre nye møblar og sjølvsagt endå fleire bokhyller (det er trass alt Noregs Mållag vi snakkar om).
Den 22. juni skal heile flyttinga vere overstått, men vi reknar med at det endå vil gå fleire veker før alt er i orden i dei nye kontorlokala. Frå no av får vi felles besøks- og postadresse, og mange er spesielt glade fordi vi kjem til eit kontorbygg med heis.
Ny besøks- og postadresse er Lilletorget 1, 0184 OSLO.