Telemark Mållag har kjøpt inn 200 bokpakker som no vert delt ut i barnehagar over heile Telemark. Denne flotte gåva kostar 80 000 kroner.
Denne sommaren byrjar dei å dele ut bokpakkane, og førre veke var dei i Edland barnehage i Vinje, melder Telemarksavisa.
- Det er viktig å medverke til leselyst og aktiv språkpåverknad alt i barnehagen, seier Ragnvald Christenson, leiar i Telemark Mållag. Han er sjølv i Edland barnehage for å dele ut bokgåva. Kvar bokpakke er på heile 15 bøker og då får dei mange ulike bøker.
- Eg merkar det er mykje meir naturleg å lese dette, seier assistent i Edland barnehage, Evelyn Tverrås til Telemarksavisa.
- Det blir ofte til at ein overset til dialekt eller les på bokmål når det ikkje er skrive på nynorsk. Men eg merkar at det er lettare å lese slik. Nynorskbøkene våre kunne sikkert også vore fleire, medgjev ho og syner til ein barnegjeng som er særs glade i å bli lesne for.