Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hurra for Ivar Aasen og Språkåret 2013

 (16.08.2012)

Det er sikkert ikkje så mange som markerte det i Hamar og Hedmark, men 5. august var Ivar Aasens fødselsdag. Han blei fødd i 1813; så 2013 blir eit spennande år – 200-årsjubileet for Ivar Aasen.

Som kjent var det Ivar Aasen som sette saman dei norske dialektane til eitt felles språk, eit landsmål. Dette var i praksis det første offisielle, norske skriftspråket sidan svartedauden. Dei siste restane av norsk skriftspråk forsvann innan dansk overtok meir eller mindre heilt på 1500-talet.

Ivar Aasen fortener å bli hugsa og markert, og han fortener eit stort jubileum i 2013. Men 2013 er ikkje berre Ivar Aasen-året, det er det nasjonale Språkåret. Det finst eit stort apparat bak feiringa av Språkåret 2013, og det vil vere mange ulike markeringar. Men det som mange nok ikkje veit eller ventar, er at Språkåret ikkje berre er ei markering av nynorsk, som det eine offisielle norske skriftspråket i Noreg; Språkåret 2013 skal vere eit «allspråkår».

Ifølgje prosjektplanen for Språkåret 2013 skal det bli ei raus feiring av alle språk i Noreg. Planen slår fast at språk er noko vi alle har felles, sjølv om vi ikkje har det same språket. Språkåret skal vere ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald. Og sjølv om utgangspunktet for feiringa er 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teater som representantar for det nynorske, skal også bokmålet feirast nasjonalt, saman med samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Ifølgje den same prosjektplanen har det vore om lag 200 språk i bruk i den norske kvardagen det siste tiåret. Dette er eit utruleg stort tal; spesielt når ein tenkjer på at media ofte berre har fokus på at enkelte er misnøgde med at nynorsk skal vere sidestilt med bokmål.

Prosjektplanen for Språkåret har sett seg fem mål:
1. Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen;
2. Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen;
3. Få fram meir kunnskap om, og skape større respekt for urfolkspråk, minoritetsspråk, innvandrarspråk og teiknspråk;
4. Setje den norske språksituasjonen inn i internasjonale og samanliknande perspektiv;
5. Skape breiare kontakt mellom språkpolitiske aktørar med felles interesser på tvers av språkgrenser og etnisitet.

Språkåret har også eit anna perspektiv. Som det heiter i prosjektplanen: «Språkåret 2013 er året som aldri sluttar – det går berre over i ei anna form. Med sitt perspektiv på samspelet mellom språk og demokrati vil Språkåret gå saumlaust over i Grunnlovsjubileet 2014.» Kanskje vil eit slikt stort allspråkjubileum bidra til større språkleg og demokratisk bevisstheit, og kanskje vil dette føre til mindre motsetningar mellom bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar, mellom norsktalande og samisktalande, og mellom alle dei som meiner dei snakkar reine dialektar, og dei som knotar eller som har eit talemål som er påverka av andre språk.

Hurra for Ivar Aasen og alle dei andre som har bidrege til at Noreg har blitt eit utruleg spennande språkland, som no altså også får eit eige språkår.

Artikkelforfattar er Jens Haugan. Han er fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Hedmark, i tillegg til at han også er leiar i Hamar Dialekt- og Mållag. Artikkelen stod fyrste gong på trykk i Hamar Dagblad, 2. aug, og Hamar Arbeiderblad, 16. aug.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no