Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskavisene vert råka i større grad enn bokmålsavisene

 (13.01.2014)

Høyringsfråsegn – forslag til endringer i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier

Bakgrunn:

Kulturdepartementet har sendt på høring utkast til ny forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedia. Føremålet med høyringa har vore å leggje dagens produksjonsstøtte for aviser om til ei ny- og medieuavhengig tilskotsordning for nyhende- og aktualitetsmedia. Departementet føreslår at nummer ein- og åleinemedia med opplag mellom 4000 og 6000 ikkje lenger bør ha høve til å få produksjonstilskot.

Noregs Mållag sitt hovudinnspel:

Nynorske aviser er svært avgjerande for å halde oppe nynorsk som eit levande språk. Endringane i forskrifta vil råke nynorske aviser i større grad enn bokmålsaviser. Den økonomiske situasjonen for nynorskavisene er ikkje så god at endringane er uproblematisk. Noregs Mållag er difor mot å fjerne produksjonstilskotet til avisene med mellom 4000 og 6000 i opplag.

Dei avgjerande nynorskavisene
Det er eit mål at flest mogleg av dei som har nynorsk som hovudmål i grunnskulen, skal halde fram med å vere nynorskbrukarar i vaksen alder. Å lese nynorsk dagleg ser ut til å vere ein avgjerande faktor for å halde på nynorsken. I dei delane av landet der nynorsk er mykje brukt, byter svært få frå nynorsk til bokmål. I område der han er lite synleg, byter mange elevar frå nynorsk til bokmål.

Nyhende- og aktualitetsmedia er eit av dei viktigaste utrykka for nynorsk skrift. Dei tre mest lesne avisene i Noreg, VG, Dagbladet og Aftenposten, har alle redaksjonelt forbod mot nynorsk. Difor er dei nynorske lokalavisene viktige for å halde oppe det nynorske skriftspråket. Særleg i randsonene for nynorsken er avisene viktige for at nynorsk skal kunne lesast kvar dag. Det gjev pedagogiske føremoner, og avisspråket fungerer identitetsbyggjande.

Det aktuelle produksjonstilskotet har ikkje språkpolitiske intensjonar, likevel har det språkpolitiske konsekvensar. Samstundes tek liknande tilskot språkpolitiske omsyn, då det finst eigne tilskot både for samiske og minoritetsspråklege aviser. Eit slikt språkleg omsyn bør også knytast til dette tilskotet,  sjølv om det ikkje er definert i forskrifta. På sikt bør språk også inn i forskrifta som definerer tilskotet til norskspråklege aviser.

Endringane råkar nynorskavisfloraen hardt
I 2013 fekk 141 aviser produksjonstilskot. 44 aviser var nynorskaviser eller aviser med mest stoff på nynorsk. Av desse 44 vil heile 15 aviser miste tilskot som svarar til mellom eit halvt til eit heilt årsverk av di dei har eit opplag eit opplag på mellom 4000 og 6000 eksemplar. Det vil seie at ein tredel av dei nynorskavisene som i fjor fekk tilskot, vil bli råka av desse endringane, medan berre knapt ein femtedel av bokmålsavisene vil merke endringane. Det syner at ei utsett og viktig gruppe aviser vert særleg hardt råka.

I tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet frå den nye regjeringa argumenterte ein for at dagens stønadsordning verkar konserverande på avisstrukturen. Noregs Mållag er redd for ei sentralisering av avisstrukturen som gjev færre aviser og større marknader for regionavisene. Ei slik endring vil råke nynorsk skriftproduksjon hardt. Særleg i randsonene for nynorsken som i Vest-Telemark, rundt Bergen og rundt Ålesund står det større aviser med mindre eller ingen nynorsk klar til å ta over marknaden til dei utsette nynorskavisene. Ein del av grunnlaget for og målet med pressestøtta er å halde oppe og utvikle eit levande nynorsk mediespråk. Dei føreslegne endringane bryt med den målsetnaden.

Sjølv om nokre av nynorskavisene i dag har god økonomi, er det fleire av avisene i gruppa som ikkje ville gått i pluss utan produksjonstilskotet. I ei usikker tid der avisene må satse på nye digitale plattformer som krev nye investeringar, er det uheldig å fjerne tilskotet for denne gruppa.

Nynorsken treng ein rik flora med aviser. Me har ikkje ei avis å miste. Noregs Mållag er difor mot å fjerne produksjonstilskotet til aviser med eit opplag på mellom 4000 og 6000.

Her ser du oversikt over avisene på nettsidene til Medietilsynet.

Her ser du kven som har levert inn høyringsfråsegn til Kulturdepartementet

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no