Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ikkje vår hovudstad

 (24.01.2014)

Frå Grotto i Oslo har Fosse sett Bergen slik Bergen ser Oslo. Som ein sjølvsentrert hovudstad utan auge for heile landet.

I Bergens Tidende 22. januar kritiserer Fosse Den Nationale Scene (DNS) for å knapt ha sett opp nynorskstykke dei siste åra. Usle tre stykke av 11 i 2014 veg neppe opp for den dårlege statistikken BT viser til i avisa.

Teatersjefen stadfester at språkval er styrde av tilfeldigheiter. Ho seier at skodespelartilgang eller miljø avgjer framføringsspråket. Då kan ein undra seg kva DNS spelte i fjor, sidan ingen skodespelarar eller noko miljø høvde for scena på nynorsk. Fosse meiner det er på tide å taka frå dei statstilskotet.

Jon Fosse sin kritikk av DNS er den siste i rekkja av saker det siste året der Bergen har synt fram hovudstadsarrogansen sin, ein arroganse Bergen ikkje er sein til å klage på om han kjem frå hi sida av fjellet.

I beste fall kan me seie at det er tilfeldig korleis Bergen held seg til språket til omlandet som han ser seg sjølv som hovudstad for. Det språklege ansvaret som kviler på byen er det vanskeleg å sjå at folk i Bergen er viljug til å ta. Berre det siste halvåret har dette blitt klårt då to saker har fått stor merksemd i vestlandshovudstaden. Den fyrste dreier seg om at Bergen lufthamn og Avinor viljuge til å gå langt for å sleppe spor av nynorsk på Bergen lufthamn. At Avinor etter Mållova er plikta til det, vil det ikkje høyra snakk om. ”Lufthavna” må for all del ikkje verta hamn for språket til alle dei omkringliggjande kommunane. Den andre saka som har sett sinna i kok i vestlandshovudstaden, er at tenestemenn i Hordaland politidistrikt, lokalisert i Bergen, no må tvitra på tenestespråket nynorsk.

Det vegrar dei seg for – men det kan neppe ha kome som ei overrasking av tenstespråket i Hordaland politidistrikt er nynorsk? Men i Bergen fakkar ein best tjuvar på bokmål. 

I Bergen badar ein i bokmål, samstundes som byen veltar seg utover omlanda sine. Rullar over nynorskkrins etter nynorskkrins for å, paradoksalt nok, presse på dei språket som er til forveksling likt det språket dei talar i hovudstaden. Altså oslohovudstaden, han dei ikkje vil forvekslast med.

Bergen er bokmålsnavet i nynorskland. Skal Bergen ta sine hovudstadlege plikter på alvor, må han ta språkleg ansvar. Som sentrum i den landsdelen med mest nynorsk i Noreg burde Bergen sjå det ansvaret han har med å halde oppe språket til folket rundt byen, ikkje bade dei i bokmål til dei vaskar nynorsken av seg. For nynorsken må sjåast og lesast, skal han leve. Bruk avlar meir bruk, og her har Bergen makt. Ein fleirspråkleg stat kan ikkje opptre språkleg nøytralt. Dette gjeld òg for vestlandshovudstader. Kvart einaste ord som vert skrive, krev eit språkval. Vel ein eitt, vel ein vekk eit anna. I fjor valde DNS vekk nynorsk kvar einaste gong dei gjorde eit språkval. Ser ein Bergen med dei same brillene som Bergen ser Oslo med, må ein pusse dei godt skal ein sjå skilnaden.

Sjur Holsen etterlyste ein gong eit rausare Bergen. Han føreslo at Bergen skulle verta nynorskhovudstaden: ”Hvorfor ikke ta den vestlandske kulturen og den fremste vestlandske identitetsmarkøren på alvor og si at Bergen like godt skal være nynorskens hovedstad?”, skreiv han (Bergens Tidende, 4.12.2011).

Nett no oppfører Bergen seg i alle fall ikkje som nokon hovudstad for korkje Uskedalen, Eivindvik eller Bømlo. Me lyt heller sjå til byen som har fått ei amerikansk snabbmatkjede til å reklamera på nynorsk: Stord, nokon?

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag 

Utgangspunktet for ordskiftet er eit utspel frå Jon Fosse i Bergens Tidende. Her kan du sjå ein debatt mellom Hilde Sandvik, debattredaktør i BT og Agnete Håland, teatersjef på DNS på BT-TV

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no