Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JULI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Ikkje godt nok, Sanner!

 (14.05.2014)

Dei einskilde kommunane skal sjølve finne ut korleis dei løyser språkutfordringane ved ei eventuell samanslåing av små nynorskkommunar med store bokmålskommunar. Det er bodskapen frå kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i meldingsdelen til kommuneproposisjonen.

– Dette er for dårleg, meiner Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Korleis ser regjeringa at dei små nynorskkommunane skal løyse det i møte med store bokmålskommunar? Her lèt departementet mindretalet i stikken. Dette er oppskrifta på mindre nynorsk.

Nynorskkommunane er i dag avgjerande for å hegne om nynorsken. Mindre brukte språk treng å hegnast om i møte med majoritetsspråket, og dei treng stader der dei kan vere majoritetsspråket.

Når departementet sjølv vil utarbeide faktagrunnlaget for dei lokale diskusjonane og sjølv styre korleis ein skal spørje innbyggjarane i eigne kommunar, legg ikkje denne prosessen til rette for å ta omsyn til dei behova som eit mindre brukt språk som nynorsk har.

Om Sanner ser til Finland, vil han kunne sjå til eit land som tek mindretalet sine språkrettar på alvor på ein heilt annan måte enn det ein legg opp til i kommunereforma i dag.

Her finn du Kommunereform - meldingsdel av kommuneproposisjonen 2015

Pressemelding frå Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no