Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunereforma må ikkje bli ei bokmålsreform

 (01.11.2014)

Førre runde med kommunesamanslåing var med på å svekkja nynorsken si stilling i Kommune-Noreg. Ein ny rapport utgjeven av Noregs Mållag syner at det same kan skje på nytt.

Gjennom førre store kommunesamanslåing mista nynorsken administrativt fotfeste i mange nynorskkommunar. Med ei ny stor kommunereform på gang syner ein rapport Noregs Mållag har fått utarbeidd, at det same kan skje på nytt. 

 Som eit mindre brukt språk treng nynorsken strukturar rundt seg som er med på å hegna om han, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

Kommunale arbeidsplassar med nynorsk som administrasjonsspråk er viktige, saman med sterke nynorske sentrum. Om kommunereforma sentraliserer arbeidsplassar til bokmålssenter og slår saman kommunar med ulikt tenestemål, vil posisjonen til nynorsken verta utsett. Det ser me heilt klart frå førre samanslåing.

Regjeringa og Stortinget har lagt vekt på at samisk ikkje skal koma dårlegare ut av ei samanslåing. Språklege styrketilhøve er altså ein faktor i samanslåingar. Likevel lèt ein det vera opp til kommunane å finna løysingar på spørsmålet om nynorsken sin plass i dei nye kommunane. Det er vanskeleg å sjå for seg at små nynorskkommunar i møte med store bokmålskommunar, skal kunne klara å krevja stort i dei nye kommunane. 

Rapporten syner at:

• Mange av dei kommunane som hadde valt nynorsk i 1955, ikkje lenger hadde det i 1972. Talet gjekk frå 290 til 98 i 1972. 

• Gjennom reforma mista nynorsken administrativt fotfeste fyrst og fremst i Trøndelag, Nordland og på Agder, i tillegg til enkeltområde nær dei store byane på Vestlandet og i randsona på Austlandet.

• Av dei 290 nynorskkommunane som eksisterte i 1955, vart 243 slegne saman med andre kommunar. Av desse låg 101 av 1955-kommunane i ein ny nynorskkommune i 1972, medan 142 ikkje gjorde det.

• 38 nynorskkommunar vart ikkje slegne saman med andre, og heldt på nynorsken, medan ni kommunar vart ståande åleine, men gjekk likevel bort frå nynorsken mellom 1955 og 1972. 

Om ein held Hordaland og Sogn og Fjordane utanfor, ser vi at 81 prosent av nynorskkommunane vart slegne saman. Av dei 169 kommunane som gjekk gjennom ei reform, høyrde 135, eller 83 prosent, til ein ny kommune der det ikkje var fatta nynorskvedtak i 1972. Det kan med andre ord sjå ut til at nynorsken tapte stort på reforma på sekstitalet. 

Det er framleis uklart korleis framtidas kommunekart vil sjå ut. Likevel tyder debatten på at nynorskkommunar i randsona til kjerneområdet er høgaktuelle for samanslåing med kommunar utan nynorskvedtak. Dette gjeld rundt byane på Vestlandet (Molde, Ålesund, Bergen, Haugesund og Stavanger/Sandnes), på Nordmøre og i dalane på Aust- og Sørlandet. 

Rapporten er skriven av Jens Kihl, tidlegare nestleiar i Noregs Mållag og no journalist i Klassekampen, og Kåre Lilleholt, jussprofessor hjå Universitetet i Oslo.

Heile rapporten kan du lese ved å laste den ned nedst på sida. Eller du kan tinge den ifrå Noregs Mållag. Send e-post til krambua@nm.no 

Klassekampen: Reform skviser nynorsk

Haugesunds Avis: Frykter for nynorsk rundt Haugesund 

NPK / Framtida.no: - Samanslåingar skvisar nynorsken 

Utdanningsnytt: Mållaget: - Kommunereforma må ikkje bli ei bokmålsreform

For meir informasjon kontakt:
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, telefon 45 47 17 16

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no