Norskopplæring og integrering
(29.01.2016)

Korleis kan norskopplæringa for innvandrarar fremje integreringa, spør Mållaga i Nordhordland og inviterer til halvdagskonferanse i Knarvik måndag 7. mars.
Dei har samla forskarar, lærarar i vaksenopplæringa, Vox og Noregs Mållag for å leggje fram erfaringar og kunnskap. Konferansen er open for alle. Både folkevalde, tilsette i vaksenopplæringa, rådmenn og skulebyråkratar blir spesielt inviterte.
Inger Helen Midtgård, leiar i Alversund Mållag er ordstyrar for dagen
PROGRAM
11.30 Lunsj og registrering
12.15 Opning
Velkomen ved Haakon Aase, leiar i Meland Mållag
Velkomen ved Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås
12.25 Norskopplæring for vaksne innvandrarar – kven har rett og plikt og kva verknad har dagens flyktningsituasjon på opplæringstilbodet?
ved Marry-Anne Karlsen, forskar ved UNI Research, Rokkansenteret, og Helse velferd og migrasjon
13.00 Korleis kan ein leggja til rette for at språkleg kvalifisering i klasseromet vert til nytte for integreringa i lokalsamfunnet?
ved Olaf Husby, fyrsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU
13.40 Pause. Kaffi, te, vatn og litt å bita i.
14.00 Utfordringar for vaksne innvandrarar i møte med norsk som andrespråk
ved Ann Kristin Helland Gujord, fyrsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, UiB
14.30 Pause med beinstrekk. Kaffi, te, vatn og litt å bita i.
14.50 Røynsler med undervisning på nynorsk av vaksne minoritetsspråklege
ved Gunnar Flatland, erfaringar frå Førde Norsksenter i Førde kommune
15.20 Praktisk og individuelt tilpassa norskopplæring av flyktningar med fokus på lokal identitet, lokalt arbeidsliv, språk og samfunn gjennom bruk av IKT
ved Mona Steiner Brekkan og Roy Thomassen, Vaksenopplæringa i Austrheim kommune
1540 Om tilbodet av læremiddel for vaksne minoritetsspråklege
ved Sissel Vollan, seniorrådgjevar i Vox. Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk
16.10 Nynorsk som reiskap i integreringa ved Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
16.20 Vel heim!
I tidene som er sette opp for det einskilde innlegget, er det rekna inn om lag 10 minutt for spørsmål og merknader. Vi gjer merksam på at også Fagbokforlaget vert invitert til å halda stand under konferansen. Kontaktperson: Haakon Aase, telefon 918 71 129
***
Praktisk informasjon om konferansen:
Stad: Hagellia matstove i Knarvik
Dato: Måndag 7. mars
Tid: kl. 1130 – om lag kl. 1630
Konferanseavgift: Kr 200 (inkl. lunsj og pausemat). Betal i døra eller inn på kontonummer 3632 50 59472.
Påmelding: Send påmelding til Åse Grønsnes. E-post: aasetron@online.no eller ring eller send tekstmelding: 482 12 841
Påmeldingsfrist: Framleis høve å melde seg på.
|