Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Posten skal framleis nytta nynorsk

 (17.11.2016)

– Vi er veldig glade for at stortingsfleirtalet går imot regjeringa og seier at Posten også i framtida må praktisera språkleg likestilling, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Posten Noreg AS skal få nye vedtekter og i det fyrste framlegget var punktet om at selskapet skal fylgja prinsippa i mållova fjerna. Det reagerte Noregs Mållag skarpt på, og no er dei blitt høyrde. I den endelege innstillinga frå Transport- og kommunikasjonskomiteen, som blei lagt på bordet 15. november, er kravet på plass att. Fleirtalsrepresentantane frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre sikra at Posten også i framtida skal vera med og ta ansvar for å ta vare på og hegna om dei to norske språka.

– Vi er veldig glade for at stortingsfleirtalet går imot regjeringa og seier at Posten også i framtida må praktisera språkleg likestilling mellom nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Ein kan godt seia at nynorsk på frimerke og at ein kan velja Digipost på nynorsk er detaljar i den store samanhengen. Men summen av slike detaljar stadfestar at nynorsk er eit språk som er like mykje verd som bokmål, og det gjer at nynorskbrukarane kjenner seg frie til å nytta nynorsk i alle samanhengar, seiar Aasbrenn.
 
Regjeringa har sagt at dei vil halda på «Noreg» på frimerke, men ville fjerna språkvalet i Digipost. Til VG seier Nikolaj Astrup frå Høgre at dette kan gje Posten store ekstrakostnader som konkurrentane ikkje har. Posten seier sjølv at nynorsk ikkje er noka vesentleg utgift for drifta.

– Desse økonomiske atterhalda er berre smålege, seier Magne Aasbrenn, som gir honnør til den politiske konstellasjonen som har gitt Noregs Mållag ein siger og regjeringa eit nederlag i denne saka.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no