Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Time heidra

 (21.11.2016)

– Eg vil takka Time kommune for alt det gode arbeidet de gjer for det språklege mangfaldet i Noreg, sa kulturminister Linda Hofstad Helleland då ho delte ut det fysiske provet på at Time er Årets nynorskkommune.

Ordførar Reinert Kverneland med det synlege provet på at Time er Årets nynorskkommune. (Foto: Kjartan Helleve)

Utdelinga fann stad på Det Norske Teatret i Oslo, og kulturministeren innleidde med å seia at dette var mellom dei viktigaste prisane departementet delte ut. Ho understreka kor viktig det er med eit klårt og levande språk, men også at det er viktig å halda på mangfaldet som m.a. nynorsken er ein del av.

– Språket er vårt viktigaste verktøy for å nå fram til andre. Og jo fleire fasettar språket har, jo meir forstår vi av kvarandre, sa Helleland.

– Nynorsken er også levande kulturarv – eit skriftspråk som skriv historie kvar dag. Nynorsken er ikkje minst eit eineståande uttrykk for det norske mangfaldet. Utan dette mangfaldet, blir me fattigare og mindre oss sjølve. Så det er med andre ord mange og tunge grunnar til å feira dei som gjer eit godt stykke språkarbeid. Eg vil takka Time kommune for alt det gode arbeidet de gjer for det språklege mangfaldet i Noreg, sa kulturministeren.

Ordførar Reinert Kverneland frå Time takka varmt for prisen og understreka mellom anna samarbeidet kommunen har hatt med Time Mållag. Kommunen har ein lang tradisjon med å nytta nynorsk, og arven frå Arne Garborg er i høgste grad levande. Men ordføraren understreka at det var viktig å få med seg dei unge.

– Det er uråd å spå framtida, for me merker presset frå bokmålskommunane rundt oss, fortalde Kverneland etter utdelinga.  

– Men trass i stor tilflytting, så er bokmålsprosenten i skulen låg. Me informerer om høvet til å velja språk ved innskrivinga, men har likevel berre to bokmålsklassar. Det skuldast nok fleire ting, men ikkje minst at det er mange eldsjeler som brenn for nynorsk i kommunen. Her gjer særleg biblioteket ein fantastisk innsats for å nå dei unge.

Kverneland fortalde at dei set om alt kommunen skriv til nynorsk, og at dei prøver å nytta ein moderne nynorsk for ikkje å skremma vekk lesarane.  

– For kommunen handlar det om å ha eit klårt og godt språk, fortalde ordføraren.

– Alt endrar seg, også nynorsk. Det er lenge sidan eg gjekk på skulen og lærte meg å skrive, og det ber språket mitt preg av. Eg fekk kritikk etter eit innlegg på Facebook, der nokon meinte at eg brukte eit altfor gamaldags nynorskord. Så sjølv eg må tole å få språket mitt vurdert, og prøver å skriva betre. Men eg greier ikkje å seia «Høgre». Det vil alltid bli «Høyre», sa Kverneland.       

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no