Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Peter Hognestad-gudsteneste i Stavanger

 (22.11.2016)

Sundag 13. november var det jubileumsgudsteneste i Stavanger i høve Peter Hognestad-jubileet. Ei gudsteneste som langt på veg er ein språk- og kyrkjehistorisk rekonstruksjon av landsmaal-gudstenestene slik dei var med den liturgien Peter Hognestad skreiv i 1907 og utgjeve i 1908. 

I år er det 150 år sidan presten, Bjørgvin-biskopen, språkpioneren og salmediktaren/-omsettaren Peter Hognestad vart fødd. Som prest og biskop var han ein fornyar i forkynninga, ikkje minst ved hjelp av språket han brukte – og som språkmann fekk han historisk betydning: Han skreiv den første liturgien og bøneboka for Kyrkja på nynorsk («landsmaal»). Og han stod sentralt i arbeidet med både omsetting av Bibelen til nynorsk og Nynorsk salmebok.

I jubileumsgudstenesta i Time kyrkje vart nokre av dei mange salmane Hognestad omsette til nynorsk sentrale: Det hev ei rosa sprunge; Fager kveldsol smiler; Å, ver hjå meg; Lei milde ljos; Så tak då mine hender. (Han hadde teft for varig verdi.)

Meir om temaet:

Denne gudstenesta var ei viktig kyrkje- og språkhistorisk markering. Stavanger Aftenblad har lagt ut opptak av denne Historisk jubileumsgudstjeneste på «landsmaal».

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no