Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hurra for Vaksdal, Bremanger og Giske!

 (24.11.2016)

Denne hausten har både Vaksdal i Hordaland, Bremanger i Sogn og Fjordane og Giske i Møre og Romsdal teke til å gje nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

– Det er utruleg gledeleg at fleire kommunar byrjar å undervise i nynorsk for vaksne innvandrarar. I dag er det blitt 46 kommunar som gjev opplæringa på nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– For ein nynorskkommune er det viktig at tilflyttarane, både born, unge og vaksne, lærer seg det lokale språket, og at dei får eit godt utgangspunkt til også å forstå dei ulike dialektane, seier Magne Aasbrenn.

Vaksenopplæringa i Bremanger kommune er i ferd med å innføre nynorsk for dei vaksne innvandrarane som kjem til kommunen, og tek sikte på ein overgangsperiode med både bokmål og nynorsk før dei berre tilbyr nynorsk opplæring.

Denne hausten byrja Vaksdal kommune med eiga vaksenopplæring i kommunesenteret Dale, og denne opplæringa er på nynorsk. Også Giske kommune byrja å gje vaksenopplæring i eigen kommune, etter at dei tidlegare sende dei busette innvandrarane til bokmålsopplæring i Ålesund.

Sidan Noregs Mållag sette i gang ”Kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar: NyNorsk” har det vore ein god auke med kommunar som tilbyr nynorskopplæring. Etter det Mållaget kjenner til, er det no 46 kommunar i Noreg som tilbyr nynorsk opplæring

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no