Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. FEBRUAR 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Arill Riise får Kringkastingsprisen for 2016

 (02.12.2016)

Kringkastingsprisen for 2016 går til Arill Riise frå Sæbø i Ørsta. Det er Kringkastingsringen som deler ut prisen. Vegard T. Foseide (t.h.) overrekte prisen til Arill Riise i dag. (Foto: Anne Svanaug Straume)

Han byrja i NRK i 1983, men har sidan 2006 vore tilsett i TV 2. Dei siste seks åra har me sett han saman med Mah-Rukh Ali i ankerduoen som leier hovudsendingane til TV 2 klokka 1830 og 2100.

Juryens grunngjeving:
Vinnaren av årets pris er ein tydelig og stødig nynorskbrukar, med ei medviten haldning til språket sitt. Han får synt fram nynorsken som eit godt språk til formidling av nyhende. Juryen trekk fram at vinnaren har gjennom heile si karriere som journalist nytta nynorsk som både arbeidsspråk og privatspråk. Då vinnaren byrja i NRK i 1983 tok han eit val om å nytte normert nynorsk.

Det er viktig at ein får høyre tilnærma nynorsk normaltalemål i media, som er ei viktig ryggstø for dei norske dialektane, spesielt i ein kvardag med aukande bruk av dialektar i radio og fjernsyn. Det er viktig at dei kommersielle allmennkringkastarane òg nyttar båe dei offisielle målformane i landet, og vinnaren er ein framifrå representant for nynorsk i TV2s sendingar.

Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978, og er ein av dei eldste medieprisane i Noreg. Prisen går til ein som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Dei siste åra har prisen gått til NRK Super (2015), Marta Norheim (2014) og Ingunn Solheim (2013). Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no