Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

705 fråsegner for nynorsk

 (09.12.2016)

Åtte av ti fråsegner om Vestlandsregionen handla om språk, og heile 82% uttrykkjer ynske om nynorsk som administrasjonsspråk. 

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vedtok tidlegare i haust å leggje intensjonsplanen om samanslåing ut på høyring til innbyggjarane. Etter at høyringsrunda er over, syner det seg at det er brei støtte til nynorsk. 

– Både Noregs MållagLNK og Nynorsk kultursentrum oppmoda innbyggjarar, mållagsmedlemer, organisasjonar og andre om å sende høyringssvar til dei tre fylkeskommunane. At det no er kome inn heile 858 fråsegner og at overveldande 705 av dei går inn for nynorsk, er eit svært solid tal, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Noregs Mållag har vore svært kritiske til at det i intensjonsavtalen ikkje vert slege fast om ein eventuell ny vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsmål og krevja nynorsk i skriv frå statsorgan. 

Ja i Sogn og Fjordane og Hordaland: Fleirtalet i fylkestinget i Sogn og Fjordane har sagt ja til Vestlandsregionen. Medan Hordaland og Rogaland skal ha fylkestingsmøte 13. og 14. desember. Det er varsla at fleirtalet i Hordaland seier ja, og at fleirtalet i Rogaland seier nei. Både vedtaket i Sogn og Fjordane og framlegg til vedtak i Hordaland seier noko om nynorsk, medan framlegg til vedtak i Rogaland ikkje seier noko om språk. Det er venta at Hordaland og Sogn og Fjordane vil starte nye forhandlingar, men dette er framleis ikkje avklara. 

I dag har både Hordaland og Sogn og Fjordane gjort vedtak om nynorsk både som administrasjonsmål og i skriv frå staten. Rogaland er språknøytral, det vil seie at tilsette og statsetatar sjølve kan velja om dei vil bruka nynorsk eller bokmål.

Om den nye Vestlandsregionen ikkje gjer vedtak om nynorsk, vil det berre vera i Møre og Romsdal nivået mellom stat og kommune vert administrert på nynorsk. Det vil vera eit stort tap for statusen til nynorsk om han nesten vert utradert som offisielt språk på regionnivå.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no