Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godt at nynorskkravet til TV2 er på plass

 (16.12.2016)

– Vi gir regjeringa honnør for at dei krev at ein kommersiell allmennkringkastar skal nytte både nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Av Stortingsmeldinga som blir lagd fram i dag i dag, går det fram at støtta til TV2 eller ein alternativ kanal inneber minimum 50 prosent norsk innhald og bruk av begge målformer.

Da mediemangfaldsutvalet leia av Knut Olav Åmås kom med ei delinnstilling i oktober, reagerte Noregs Mållag på at innstillinga ikkje inneheldt noko nynorskkrav. Nå er altså nynorsk innhald eit av vilkåra i meldinga som kulturminister Linda Hofstad Helleland legg fram på tinget.

– Dette burde jo vere sjølvsagt, seier Aasbrenn. – Kvifor skulle Staten kaste 15 millionar euro etter ei mediebedrift som ikkje skal støtte offisiell, norsk språkpolitikk?

Noregs Mållag er også nøgd med kravet om at allmennkringkastaren skal ha hovudkontor utanfor Oslo, fordi det gir ei motvekt til den store tyngda av Oslo-baserte medium.

– Likevel skulle vi gjerne sett at kulturministeren framleis heldt fast på at byen er Bergen. Som sjølverklært nynorskhovudstad er det ein stor føremon om dette er heimbyen til landets kommersielle allmennkringkastar, seier Aasbrenn.

Han meiner TV2 har vore gode til å vise fram nynorsken.

– Når det gjeld TV2, så har dei gjennom mange år vist at nynorskkravet fint går an å oppfylle, blant anna i nyheitssendingane, seier Magne Aasbrenn, - Unntaket er teksting av film. Der har dei framleis mykje å lære av NRK.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no