Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rekordhøgt medlemstal i Mållaget

 (20.12.2016)

Noregs Mållag talde denne veka 12 362 medlemer, det høgste medlemstalet på 25 år.

– Dette er ei sann glede, smiler Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Denne hausten har diskusjonen rundt administrasjonsspråk i ein eventuell Vestlandsregion med Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland synt at nynorsken framleis har sprengkraft. Sidan saka vart kjend har Mållaget fått over 550 nye medlemer over heile landet.

– Vi får nye medlemer i heile Noreg. Medlemsrekorden vitnar om eit stort nasjonalt engasjement for nynorsken, seier Magne Aasbrenn. Dette såg ein også i høyringa om Vestlandsregionen, der heile 705 av dei totalt 858 fråsegnene ynskte nynorsk som administrasjonsspråk.

– For organisasjonen er det viktig å ha mange medlemer. Det gjev oss betre gjennomslagskraft. Det er godt å sjå at dei som vil nynorsken vel melder seg inn hjå oss. Vi har alltid plass til fleire, seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no