Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av stipend

 (16.01.2017)

I fjor fekk Anita Stokke Blomvik frå Ørsta stipend frå Mållaget. Ho står matbloggen kvardagsmat.no, ein av få matbloggar på nynorsk. Noregs Mållag lyser no ut to stipend à kr 50 000. Søknadsfristen er 6. mars. 

Føremål: Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemnda ser særleg positivt på søknader som har som føremål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.

Kriterium for tildeling: Ei kvinne og ein mann skal tildelast kvar sitt stipend à kr 50 000. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektskildring: Problemstilling og mål- arbeidsform/metode- tidsplan- budsjett- vedlegg: CV og eventuelt referansar til tidlegare arbeid.

Krav til sluttrapportering: Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale.

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Send søknad og eventuell dokumentasjon til dagleg leiar Gro Morken Endresen, gro.morken@nm.no , eller til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo

Frist for innlevering av søknad er 6. mars 2017.

Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend, i april 2017.

Frist for innlevering av ferdig prosjekt er 15. desember 2017.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no