Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring om rammeplan for barnehagane

 (20.01.2017)

– Retten for ungar i nynorskområde til faktisk å møte språket sitt i barnehagen må inn i rammeplanen, meiner Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. I dag, 20. januar, er det høyringsfrist for rammeplanen for barnehagane. 

Dei siste åra har det i barnehagane vore ei aukande merksemd om og vekt på språkstimulering og språkutvikling.  Dette er eit viktig arbeid som dei fleste barnehagar tek svært alvorleg.

Noregs Mållag meiner rammeplanen særskilt bør peike på dei særskilde utfordringane ungar i nynorskområde har med å lære eit mindre brukt språk som dei ser mindre av rundt seg, enn ungar i bokmålsområde gjer. Difor er det særleg viktig å understreke i rammeplanen at i nynorskområde må språkstimulering og utvikling av språkforståing og språkkompetanse i barnehagane gå føre seg på det språket ungane skal lære i skulen. Som framtidige elevar av eit mindre brukt språk treng dei å sjå, lese og høyre meir av språket sitt rundt seg. Det dei treng, er meir språkstimulering på nynorsk.

I den gjeldande rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt.

Noregs Mållag syner i høyringssvaret vårt til våre røynsler frå vitjingar i barnehagar i nynorskområde, der alt for mange av dei er dominerte av bokmålslesing og synging. Der ungane nesten ikkje møter det språket dei skal lære seg å skrive på skulen i barnehagen.

Ei spørjegransking svara på av 254 barnehagar i nynorskområde, utført av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og kulturavisa Pirion, stadfestar Noregs Mållag sine opplevingar (http://pirion.info/images/barnehageunderskinga.pdf). Granskinga syner at halvparten av barnehagane berre les til ungane på nynorsk éin til to gonger i veka eller sjeldnare, og nesten halvparten syng på bokmål for ungane fleire gonger kvar dag. I tillegg gjev 86 prosent av barnehagane opp at dei nyttar språkstimuleringspakker. Diverre nyttar nesten alle pakker som berre finst på bokmål.

Informasjonsside om framlegget til ny rammeplan for barnehagane: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-rammeplan-for-barnehagens-innhold-og-oppgaver/id2514761/

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no