Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

No er det "Tid for ti"!

 (30.01.2017)

Godt nøgd med leseaksjonen Tid for ti: Frå venstre Torgeir Dimmen, leiar for Nynorsksenteret, Ole Ivar Burås Storø, prosjektleiar i Foreningen!les og forfattar Anders Totland (Foto: Hege Lothe)

Denne våren vert 15 000 nynorskantologiar sende ut til elevar i 7. klasse over heile landet. Tiltaket heiter Tid for ti og er ein nynorsk leseaksjon i regi av Foreningen !les i samarbeid med Nynorsksenteret. I førre veke vart dette høgtideleg markert på Gloppen folkebibliotek.

Føremiddagen 24. januar var Gloppen folkebibliotek vertskap for lanseringa av den nasjonale leseaksjonen. 100 elevar frå fire skular i Gloppen møtte opp.

Biblioteksjef Torill Berge ynskte velkomen og Ola Ivar Burås Storø frå Foreningen !Les og Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret snakka om kor viktig det er å lese, og at lesing gjev både innsikt i oss sjølve og kunnskap vi elles ikkje ville fått.

Stor interesse: Alle dei 15 000 påmelde elevane får ein antologi med utdrag frå ti nynorske ungdomsbøker. Aksjonen blei fullteikna ei veke før fristen. 

– Interessa for Tid for ti tyder på at det er eit behov og eit ynske frå skular i heile Noreg om meir nynorsk litteratur og eit prosjekt som legg til rette for å lese, skrive og samtale om tekstar og bøker på nynorsk, seier Ole Ivar Burås Storø, prosjektleiar i Foreningen !les.

Dei 15 000 bøkene vert sende til over 420 skular. I underkant av halvparten av desse skulane er bokmålsskular, resten er nynorskskular.

– Tilbakemeldingane peiker på at prosjektet har gitt meir språkleg sjølvtillit til nynorskelevane, mindre fordommar mot sidemålet for bokmålselevane - og meir leselyst til alle, seier Torgeir Dimmen, leiar ved Nynorsksenteret. 

Anders Totland fortel, les frå boka si og spelar piano for 7. klassingane i Gloppen. (Foto: Hege Lothe)

Levande forfattar: På biblioteket på Sandane møttest 7. klassingane frå Breim, Hyen, Nordstranda og Sandane skule. Dei fekk oppleve ein opplagt Anders Totland, som er ein av forfattarane som har fått med eit utdrag av boka si i antologien.

Anders Totland fanga merksemda til elevane då han las utdrag frå boka, fortalde om seg sjølv, og spelte for dei.

I løpet av våren skal elevar og lærarar lese utdraga av bøkene og drøfte det dei les. Kanskje skaper det leselyst til å lese heile bøkene og fleire andre bøker. Fleire av skulane i Sogn og Fjordane får vitjing av forfattar Anders Totland og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek i løpet av våren.

 

Ole Ivar Burås Storø, prosjektleiar i Foreningen !les, fortel om at det å lese kan gjere deg til ein betre fotballspelar. (Foto: Hege Lothe)

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no