Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsken attende i Ap-programmet

 (07.02.2017)

– Noregs Mållag er glade for at Arbeidarpartiet ser ut til å gå inn i valkampen med programformulering om å «sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter»seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Som siste parti ut har no Arbeidarpartiet levert fyrste framlegg til partiprogram. Det er sentralstyret som er nemnd for arbeidet og framlegget skal handsamast av landsstyret i partiet 7. – 8. februar.

I gjeldande program nemner ikkje Arbeidarpartiet nynorsken i det heile, det er difor gledeleg at dei i framlegget til program no skriv at «Nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter».

Arbeidarpartiet vil òg styrke norsk som heilskap og har ei slik gledeleg offensiv formulering: «Føre en aktiv språkpolitikk som gjør at norsk forblir det foretrukne språket i alle deler av norsk samfunnsliv».

Arbeidarpartiet har ingen formuleringar om sidemålsordninga eller andre felt der nynorsken er viktig. Men under både grunnskule og vidaregåande skule i programmet har dei ei formulering om at dei vil gjennomføre fleire forsøk med alternative vurderings- og eksamensformer.

– Noregs Mållag legg til grunn at sidemålsordninga ligg fast. Dersom det ikkje er tilfelle, meiner vi Arbeidarpartiet bør avklare dette i god tid før valet, seier Magne Aasbrenn. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no