Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome

 (11.02.2017)

Då vinterseminaret til Noregs Mållag opna på Bryne i dag, starta Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, med å gje heider til Eigedomsmegler1 Jærmegleren.

– Når vi skal opne vinterseminaret vårt på Bryne, og vi kjem til "Årets nynorskkommune" Time, er det viktig for oss å heidre dei som viser at dei set nynorsken høgt også i det lokale næringslivet, der bokmålspresset kanskje kjennest ekstra sterkt, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– I dag er det dermed veldig moro for oss å gi denne målblomen til ein representant for eigedomsmeklarbransjen - ein bransje som kanskje ikkje er den som blir mest prega av det ukonvensjonelle. 

– Mottakaren i dag er ein del av ein landsomfattande kjede. Som i daglegvarehandelen og andre kommersielle tiltak har ein da eit avgrensa handlingsrom når det gjeld å nytte nynorsk. Likevel nyttar mottakaren nynorsk der det er mogleg å gjere det, nemleg til å køyre profileringsannonser for dei tilsette, seier Magne Aasbrenn.

–Det er svært moro for oss å konstatere at bruken av nynorsk også viser seg å vere ein kommersiell fordel for dette firmaet, og at dei stadig får god respons frå kundane på akkurat nynorsken.

Kristine Ree Espedal og Ragnhild Torstensen Røykenes tok i mot prisen på vegne av Eigedomsmegler1 Jærmegleren. Dei var veldig glade for å få Målblomen.

– Det er kjekt å bli lagt merke til, og det er verkeleg stor stas og ei glede å få Målblomen frå Noregs Mållag, seier Kristine Ree Espedal, fagleg leiar i Eigedomsmegler1 Jærmegleren. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no