Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Siger i Sirdal

 (14.02.2017)

Måndag 13. februar røysta 67.9% av innbyggjarane i Tonstad skulekrins for nynorsk. Me ynskjer til Sirdal Mållag og alle sirdølar til lukke med resultatet!

Resultatet i folkerøystinga er veldig tydeleg. Heile 67,9% røysta for nynorsk og 31.8% røysta på bokmål. Valdeltakinga var uvanleg høg samanlikna med andre skulemålsrøysingar. Det var 490 som røysta og det var 1068 som hadde røysterett. Det vil seie at det var 333 røyster for nynorsk, 156 røyster for bokmål og ei blank røyst.

Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret. Ordførar Thor Jørgen Tjørhom seier til NRK Sørlandet at han er overraska over resultatet, men seier også at når han snakke med elevane på førehand var det ei klar stemning for nynorsk. Han reknar med at kommunestyret vil følgje rådet frå innbyggjarane og halde fram med nynorsk.

Sirdal Mållag vart skipa opp att for halvanna år sidan. Sirdal Mållag har med leiar Kristina Smedegård i spissen arbeidd godt med saka.

Styret i Sirdal Mållag frå oppattskipingsmøtet i november 2015. Frå venstre: nestleiar Gunn Iren Josdal, Elfrid Ovedal, Ragna Lindeland, leiar Kristina Smedegård og Sven Sandvik. (Foto: Hege Lothe) 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no