Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bergenskonferansen

 (17.02.2017)

Laurdag 25. og sundag 26. mars vert Bergenskonferansen 2017 skipa til i samarbeid mellom Bergen Mållag, Hordaland Mållag og Universitetet i Bergen.

Bergenskonferansen tek for seg viktige emne for Bergen, Vestlandet og heile Noreg. Både om integrering på nynorsk, språksamlingane i Bergen og nynorsken som kommune- og regionalspråk. Seminaret er i Universitetsaulaen og det er rekna med deltakarar frå heile landet. 

Her finn du påmeldingsskjema og her ligg konferanseprogrammet. Påmeldingsfrist er 15. mars 2017. 

Program: 

Laurdag 25. mars: Språk i styring og opplæring

11.00 Registering

12.00 Lunsj

12.45 Vel møtt ved Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen 

12.55 Opning ved Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag  

13.05 Helsingstale ved Berit Rokne, rektor ved Høgskulen på Vestlandet 

 

13.20 Kan Språksamlingane gi ny giv for språkforskinga?

Ordstyrar: Helge Sandøy

Samtale om forsking på norsk språk med utgangspunkt i språksamlingane.

Innlegg om språksamlingane ved Rune Kyrkjebø, fyrstebibliotekar, Universitetssamlingane

Deltakarar i debatten:

Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen

Edit Bugge, fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

Peder Gammeltoft, lektor ved Københavns Universitet

Leiv Inge Aa, fyrsteamanuensis ved NTNU

14.55 Breinstrekk med kaffi og frukt 

 

15.05 Korleis kan nynorsken styrkjast som kommunespråk og regionalspråk?

Ordstyrar: Nils Mæhle

Deltakarar:

Eli Bjørhusdal, fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

Wilhelm Anglevik, skulesjef i Fjell kommune

Anna Elisa Tryti, byråd for byutvikling i Bergen kommune

- Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune og fylkestingsrepresentant i Hordaland

16.25 Beinstrekk med kaffi og frukt

16.30 Kulturelt innslag: Vestavill 

 

17.00 Fjell-prosjektet: Stolt av eige språk: Nynorsk språksatsing på ungdomsskuletrinnet i Fjell kommune

ved Jorid Saure, lærar ved Fjell ungdomsskule og Endre Brunstad, professor ved Universitetet i Bergen.

18.00 Dagen vert avslutta. 

19.30 Festmiddag og sosialt samvær

 

Søndag 26. mars: Vegar til integrering

09.30 Språk og identitet med særleg vekt på nynorsk i integreringsarbeidet

Språk, identifikasjon og integrering – ei ugrei kopling? ved Rikke van Ommeren, universitetslektor ved NTNU

Norsk for vaksne  innvandrarar = bokmål? ved Hilde Osdal, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda

10.45 Beinstrekk med kaffi og frukt

 

11.00 Bør innvandrarar alltid få nynorskopplæring?

Ordstyrar: Else Berit Molde

Deltakarar:

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås kommune

Marit Aakre Tennø, varaordførar i Luster kommune og tidlegare leiar for Noregs Mållag

12.15 Avslutning

12.30 Lunsj og avreise

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no