Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Odda ungdomsskole

 (03.03.2017)

– For lojaliteten til språkvalet til foreldra, og for den eineståande viljen til å gje nynorskelevane gode vekstvilkår slik at dei vert trygge og kompetente nynorskbrukarar, får kollegiet på Odda ungdomskole Målprisen for 2016, seier Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag. 

I Odda er det svært få nynorskelevar som byter hovudmål. I grunnskulen er det ingen som byter. I landsmålestokk byter halvparten av nynorskelevane hovudmål, og i somme område, som Rogaland og Valdres, er målbytet endå større. Ja, jamvel i grunnskulen er det mange stader eit stort målbyte: I Telemark fell prosenten av nynorskelevar med 8 prosent – frå 17 prosent til 9 prosent – berre i grunnskulen,  og målbytet held fram i den vidaregåande skulen, slik at det berre er 6 prosent som har nynorsk når dei går ut av den vidaregåande skulen.

Skuleåret 2016/17 er det ingen Odda-elevar som har skifta skriftspråk blant avgangselevane på studiespesialiserande studieretning. Desse elevane har altså hatt nynorsk som opplærings- eller hovudmål alle dei 13 åra dei har gått på skule, frå dei var 6 år til dei no er 19 år gamle.

På Odda ungdomskole har elevane i alle år fram til skuleåret 2016/17 gått i språkdelte klassar på ungdomssteget. Denne språkdelinga har lærarane fylgt opp i praksis. Dei har vore lojale mot det språkvalet som foreldra gjorde då borna var 5 år gamle. Denne ordninga – Oddamodellen – er eit pedagogisk gode både for bokmåls- og nynorskelevane. Og ikkje minst fører det til at elevane vert glade i hovudmålet sitt.

Målprisen 2016 er trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no